Dagens sleivspark: Stopp terroren!

Beredskapsplanar og førebuande tiltak mot eventuelle terrorhendingar står høgt på dagsorden hos det offentlege om dagen.

Den største terrorfaren vanlege folk i Bergensområdet er utsett for er einauga utbyggjarar i rivingsrus. Risikoen for å verta ramma er høg, og konsekvensane for dei som vert ramma tilsvarande store.

Bybaneplanleggjarane i Bergen planlegg å rasera eit heilt nabolag i Fløen med 12 bustadar. I Fantoftåsen går Kjetil Helland i Bybo frå hus til hus og spreier frykt om eit minst like inngripande utbyggjingstiltak.

Det nye Sotrasambandet legg opp til å riva 29 bustadar, og heile 700 grunneigarer vil verta berørt av planane. På Straume er 15 heimar allerede rivne for at Ernst Morten Einarsen i Sartor Holding skulle få lov å byggja blokker.

Les: 2Sotrasambandet: 29 bustadar må vekk

Les: Her budde det eingong 10 familiar

Om styresmaktene verkeleg meinar alvor når dei snakkar om å førebyggja terror, bør dei førebyggja denne typen terrorisme på linje med annan terrorisme:

Stopp terroren – sperr terroristane inne!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s