Etterlyser kassaapparata i Vestlandsnaturen

Vi vestlendingar sit på ein stor, og nærast uutnytta ressurs. Den urørte Vestlandsnaturen spelar hovudrolla i Visit Norway sin nye video som skal marknadsføra Norge i utlandet.

Det dramatiske vestlandslandskapet er døme på det turistane kjem til Norge for å oppleva. Foto: Visit Norway

Videoen er meint å oppsummera kvalitetane som lokkar turistane hit. Det er opplevingane av Norge – mogelegheitane for ski, fiske, vandreturar, kajakk, sykling og arkitektur – som vert framheva i den fantacy-inspirerte videoen der Enok Viking opptrer som ein slags guide.

Aktivitetane manglar
Frilufsaktivitetar som vestlandsnaturen er som skapt for. Berre det at dei tilrettelagte aktivitetane og overnattingsstadane i stor grad manglar. Vi er lite flinke til å utnytta det inntektspotensialet som vi bokstavleg talt har like utanfor stovedøra, hevda direktør Dag Jarle Aksnes i NCE Tourism og professor Leif Egil Hem ved NHH då dei i dag møtte representantar for det lokale reiselivet i Bergen.

Kvar er kassaapparata?
Opplevingsturistane legg i snitt etter seg 3.000 kroner i døgnet på reisene sine, viser marknadsundersøkingane. Utan gode tilbod, også utanfor sommarsesongen, overlet den Vestlandske turistnæringa i stor grad til andre å hausta av denne betalingsviljen.

Les: Øygarden satsar på Tour de Kyst

Turist-direktøren ser døme på uutnytta inntektsmogelegheitar nær sagt overalt.
Lærdals-tunnelen er verdas lengste, men området manglar eit apparat rundt seg som gjer at turistane stoppar opp i lokalmiljøet.

– Kvar er kassaapparatet?, laud Aksnes sitt refreng.

Stadt skipstunnel vert eit anna døme på norsk innovasjon som toler internasjonal eksponering, også i reiselivssamanhang. Alt no bør ein starta arbeidet med å planlegga for turistane i området, er Aksnes oppteken av.

Mange eksempel

For Leif Egil Hem (tv) og Dag Jarle Aksnes fortonar Vestlandsnaturen seg som ei einaste stor, uutnytta inntektskjelde.

Det gjeld å tenkja ut av boksen. Biletet av black metal-bandet som spelar konsert på Trolltunga, gjekk verda rundt. På få år har talet på besøkjande auka frå 0 til 60.000. Men det er først no det byrjar verta utvikla eit tilboda rundt den spektakulære opplevinga.

1,7 millionar personar løyser billett med Fløibanen årleg. Men kor mange tilbod har vi til dei som ønskjer å gå turen over vidda? Kva er guidane som kan følgja turistane frå Fløien til Ulriken? spurte Aksnes.

Big data
Å driva innovasjon som gjer at turistdestinasjonane kjem nærare til å oppfylla dei besøkjande sine forventningar og behov, må vera eit mål, ifølgje Hem.

Big data opnar nye mogelegheiter, men korleis kan vi utnytta dei enorme informasjonsmengdene til å auka forståinga av turistane sine behov? Å nytta informasjon frå mobilen er ei løysing som ligg snublande nær, men her bør ein gå varsamt fram, åtvara professoren.

Kanhende vil delingsøkonomien og Airbnb utløysa nye tilbod, filosoferer Hem.

Når det gjeld å få fleire til å leggja turen over Vidden, har Aksnes store forventningar til at tilboda om nedlastbare tredimensjonale kart på mobilen og 360 graders video skal falla i smak.

Omdøma å ta vare på
Dei norske fjordane er rangerte som det framste reisemålet i verda. Det er ein status som forpliktar. Vestlandsnaturen har gjeve oss eit omdøme å ta vare på.

– Veit de eigentleg kva verdiar de sit på? spurte ein leiande internasjonal reiselivsaktør på besøk i Bergen Aksnes ein gong.

Når det er naturen turistane kjem hit for å oppleva, bør det vera sjølvsagt at vi anstrengjer oss for å ta vare på han, og overlevera han til neste generasjon i litt betre stand enn då vi sjølv overtok. I staden vert stadig fleire elevar og fossar lagt i rør, monstermaster vert utplasserte i Hardanger, og store mengder slam dumpa i Førdefjorden.

– Slikt vekkjer oppsikt internasjonalt, konkluderer Aksnes.

Les: Heiste flagget for kulturlandskapet

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s