Framleis raude tal frå NAV

Kommunane vest for Bergen har framleis den høgaste arbeidsløysa i Hordland, viser dagens tal frå NAV.

Til saman 1070 personar utan arbeid inneber ei arbeidsløyse på over 5 prosent og gjev raude tal i Fjell, Sund og Øygarden.

Trass dei dystre utsiktene for aktivitetsnivået i tilknyting til hjørnesteinsverksemda CCB, har det likevel tilsynelatande skjedd ei positiv utvikling siste månaden, både samanlikna med situasjonen i mars i år, og i april i fjor.

Les: CCB-sjefen om den lange nedoverbakken

Over fem prosent
NAV reknar arbeidsløyse ut frå talet på heilt ledige, og talet på personar på tiltak. I tre av dei fire kommunane har totaltalet på personar utan arbeid gått ned samanlikna med mars. Framleis utgjer den totale arbeidsløysa i Fjell, Sund og Øygarden likevel meir enn fem prosent av arbeidsstokken.

Dei tre kommunane vest for Bergen har framleis høgaste arbeidsløysa i Hordaland.

Øygarden
Den mest positive utviklinga har skjedd i Øygarden, der talet på ledige og personar på tiltak er redusert med heile 11 personar, til 148.

Motsett i Askøy
Askøy har lenge nytt godt av låg arbeidsløyse samanlikna med resten av regionen. I april gjekk utviklinga i motsett retning av dei øvrige kommunane. Ved utgangen av april stod fire fleire asketappar utan arbeid enn ein månad tidlegare.

Reell?
Det er grunn til å stilla spørsmål ved om den positive utviklinga er reell. Den langvarige nedgangsprioden har ført til at stadig fleire av dei langtidsledige mister retten til dagpengar, slik at dei ikkje lenger ser nokon grunn til å senda meldekort til NAV. Når dei ikkje lenger er registrerte som arbeidssøkjarar, fell dei også utanfor det NAV kallar arbeidsstyrken. Ifølgje siste tala frå SSB, har den norske arbeidsstyrken ikkje vore så lav på 25 år.

Sysselsetjingsprosenten i den norske befolkninga i alderen 15 – 74 år er no nede i 66,9 prosent, ned 1,6 prosent dei siste to åra.

Les: NAV skjønnmålar arbeidsmarknaden

Arbeidsløyse april 2017
Heilt ledige På tiltak Totalt Totalt mars % endring
Fjell 607 131 738 760 -2,9
Sund 137 47 184 190 -3,2
Øygarden 135 13 148 159 -6,9
Askøy 500 98 598 594 0,7
Totalt 1379 289 1668 1703 -2,1

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s