Gjestekommentar: Viktige saker å kjempa for

Dei siste vekene har eg jobba mykje med to viktige sakar i Hordaland: Fortsatt akuttkirurgi på Odda sjukehus, og å framskunde bygging av strekninga Arna-Voss.

Av Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre i Hordaland

Terje Breivik er villig til å bruka makt i Stortinget for å bevara akuttkirurgien i Odda, og å få framskunda oppstarten av arbeidet med å utbetra E16 Arna – Voss

Eg og Venstre vil bevare akuttkirurgien i Odda. Difor skal eg vere med i 1.mai-toget som går til Odda sjukehus. Odda står no i fare for å miste tilbodet om akuttkirurgi. Slik gografien, topograffien og vertilhøva er i Odda, kan dette utvilsamt gå ut over tryggleiken til dei som soknar til sjukehuset.

Men heldigvis er ikkje saka avslutta. Stortinget stemmer over forslagene om Odda sjukehus 15. mai. Venstre er innstilt på å bruke makt i Stortinget for å sikre akuttkirurgi i Odda.

Eg ønskjer ei tidlegast mogleg realisering av Arna-Voss i Nasjonal transportplan. På sundag var eg på torget i Arna på aksjon for ny E16 mellom Arna og Voss. Eg – og mange andre i Hordaland – vil ha framskunda byggjestarten til 2021.

Sakleg sett er det få vegar i landet som fortenar å verte priortert høgare enn denne vegen: Det er stamvegen Aust-Vest, hovudevegen mellom Norges to største byar. Det er kvardagsevegen til svært mange. Men ingen hovudvegar er meir utsette for ras og stengingar enn denne. I tillegg er vegen for lengst gått ut på dato kva gjeld trafikkmengde og tryggleik.

Og engasjementet nyttar. Byggjestarten av Arna-Voss har allereie vorte framskunda til 2022, og er inne i framleggt til NTP med 14,5 mrd mot kr 0 i inneverande NTP.

Det finst håp om å få dette til endå tidlegare. For dette er ikkje godt nok. Eg kjem til å bruke makta og posisjonen me har i Stortinget til å gjere kva eg kan for å framskunde E16 og Vossabanen ytterlegare.

Eg har forstått oppgåva. Dette skal me dra i land. Og eg trur me skal lukkast.

Eg er på lag med framtida, er du med?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s