Nærmar seg 110 millionar – i utbyte

Kvart einaste år sidan 2002 har programvareleverandøren ASOS AS betalt utbyte til aksjonærane. Årets utbetaling er rekordstor.

Gründar og styreleier Conrad Hansen (tv) og dagleg leiar Bent-Inge Storheim feirar 20 årsjubileet med eit rekordstort utbyte til aksjonærane.

– Du må kjenna – og løysa kundane – sine behov, jobba hardt, treffa med timinga og ha litt flaks. Slik oppsummerer gründer og styreleiar Conrad Hansen utviklinga til programvareleverandøren ACOS AS på Straume.

I eit eksklusivt intervju med nettavisa Tunnelsyn avslører Hansen og dagleg leiar Bent-Inge Storheim oppskrifta på 20 år med jamnt veksande omsetnad og god lønsemd.

Les: Gamechanger frå Sotra

Offentlege kundar
Det offentlege utgjer største del av kundemassen for verksemda som rosar seg av å ha hovudkontor på Sotra og avdelingskontor i Oslo. 250 norske kommunar nyttar ein eller fleire av Acos sine programvareløysingar. Av departementa er det berre Forsvarsdepartementet som har valt ein annan leverandør.

– All utvikling skjer i eigen regi. Ingen oppgåver er sett ut til land med rimelegare arbeidskraft, understrekar Storheim.

Nye, store oppdrag inneber eit ståande behov for fleire tilsette. For tida er dei 144, og i løpet av året kjem det nok til fem – seks stykker til, reknar Storheim.

Les: Rekordavtale til ACOS

Rekordstort utbyte
Omsetninga i fjor enda på 144,5 millionar, opp ni prosent samanlikna med 2015. Resultatet enda på 25,5 millionar.

Kvart einaste år sidan 2002 har verksemda betalt utbyte til aksjonærane. Ein resultatgrad godt over snittet i norsk næringsliv gav grunnlag for utbetaling av eit rekordstort utbyte på heile 19 millionar for fjoråret. Ei rask oppsummering viser aksjonærane har all grunn til å smila over investeringa. Den samla tilbakebetalinga for alle desse åra har no passert 108 millionar kroner.

Spegla drifta
– Utbytet må spegla drifta og den underliggjande aksjeverdien i ei verksemd. Når aksjonærane lånar verksemda pengar, er det sjølvsagt at dei også skal få pengane tilbake, meinar gründaren.

Sjølv eig Hansen, direkte og indirekte, 56 prosent av aksjane. 22 prosent er eigd av tilsette, og berre 16,6 prosent vert eigd av eksterne investorar.

Bankenes Betalingssentral (BBS) var tungt inne på eigarsida nokre år, men valt i 2012 ei anna strategisk satsing og selde seg ut.

Trendar
Tidleg identifikasjon av nye trendar er noko av forklaringa på at ACOS har lukkast. Når Tunnelsyn ber Hansen og Storheim ta ein kikk i krystallkula, ser dei likevel ingen trendar som vil kunna revolusjonera drifta av offentleg sektor i like stor grad som internett og mobiltelefon.

– Litt av utfordringa vår er å driva kontinuerleg utvikling parallelt med den ordinære drifta, utdjupar Hansen bakgrunnen for at 20-åringen er meir livskraftig enn nokon gong.

Fleire av dei tilsette er veldig opptekne av ny teknologi og korleis han kan nyttast til å løysa problem hos eksisterande kundar. Konvergens av ulike teknologiar, kombinert med integrasjon av forskjellige programvaremodular til ei heilskapleg løysing, er noko dei heile tida jobbar med.

Kommunereforma
Kommunereforma, med eit femtitals kommunesamanslåingar, vil endra marknaden for ACOS og andre leverandørar til offentleg sektor:

– Det vert trangt i kommunedøra framover, spår Storheim.

Store oppdrag med å integrera datasystema til dei kommunane som skal slå seg saman, ventar. I ACOS imøteser dei prosessane.

– ACOS er einaste programleverandøren som kan visa til erfaring frå ei gjennomført kommunesamanslåing, seier Hansen.

Då Sandefjord, Andebu og Stokke kommunar slo seg saman til nye Sandefjord ved siste årsskifte, var det programvareleverandøren frå Sotra som hadde ansvaret for at dei ulike dataløysingane fungerte som ein heilskap etter samanslåinga.

Digitalisering
Digitalisering er eit moteord i norsk offentleg politikk om dagen. Norge skal omstillast og effektiviserast, og nye revolusjonerande løysingar skal få fart på landet.

40 kommunar har innført byggjesaksmodulen for mottak av digitale byggjesøknadar frå private sidan han vart lansert for tre år sidan.

Innføring av elektronisk innsyn og ”Min side”, med oversikt over status på dei digitale søknadane dine er andre nye tilbod.

Skeptisk til saksbehandlingsrobotar
I ACOS er dei opptekne av å kjenna faga dei jobbar mot. Skal digitale system bidra til auka effektivisering, må dei vera i samsvar med arbeidsflytane i organisasjonen.

Automatisk søknadsbehandling og saksbehandlingsrobotar, er Storheim er difor meir skeptisk til:

Radikal innovasjon utgjer berre 10 prosent av nye programvareutviklingsprosjekt. Effektivisering av noverande rutinar krev 70 prosent av innsatsen.

 

Som den realisten han er, veit Storheim at slike system må fungera saman med dei øvrige dataløysingane til kommunane, og at alle grunnlagsdata må vera rett. Minst like viktig er det at systema ikkje tek snarvegar, men følgjer alle dei lovar og reglar som faktisk gjeld på området.

– Der er vi ikkje, enno, konstaterer Storheim.

Les: Kommuneadvokaten vil tetta hol i Forvaltningslova

– Digitalisering er ikkje science fiction. Saksbehandlarane skal framleis gjera mykje av det same som dei gjer på papir i dag, berre raskare og betre.

– Om noko høyres ut til å vera for godt til å vera sant, ja så er det oftast det, avsluttar Storheim.

Les: Fire scenarier for kommunal digitalisering

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s