Føreslår å heva tilkoplingskostnadane med 275 prosent

Berre dersom dei private kostnadane ved tilkopling av eldre bustadar til FjellVar sitt offentlege leidningsnett vert høgare enn 300.000 kroner, skal Fjell kommune kunna vurdera andre løysingar. Vurderinga skal vera individuell.

Framlegget til retningslinjer opnar for at innbyggjarane i Fjell skal kunna påleggjast kostnadar også over 300.000 for tvungen tilknytning til FjellVar sitt leidningsnett for vatn og avløp.

Framføringa av FjellVar sitt offentlege leidningsnett for vatn og avløp til Kallestad og Ekren har gjeve ny aktualitet til diskusjonen om kva kostnadar Fjell kommune kan påleggja dei einskilde huseigarane før kommunen vil tillata andre løysingar.

Retningslinjer for dispensasjon
Fastsetjing av retningsliner for kor store dei private kostnadane må vera for å gje grunnlag for dispensasjon frå kravet om tvungen tilkopling, er einaste sak på dagsorden til dagens møte i gebyrutvalet i Fjell.

Store private kostnadar
Tida er overmoden for ei avklaring. Stadig fleire av grendene i Fjell vert tilknytt FjellVar sitt offentlege leidningsnett for vatn og avløp. Spreidd busetnad inneber likevel at avstanden frå den offentlege infrastrukturen og fram til dei einskilde bustadane kan vera svært lang – og tilsvarande kostbar.

Tvungen tilkopling
Det er ikkje ei frivillig sak for eigarar av eldre bustadar korvidt dei ønskjer å kopla seg til det offentlege leidningsnettet for vatn og avløp eller ikkje.

Krav om tvungen tilkopling til offentleg vatn og avløp er i samsvar med Plan og bygningslova, vedtok kommunestyret i 2012.

Uendelege kostnadar
Berre dersom huseigaren sine kostnadar overstig 100.000 kroner for tilkopling til offentleg vatn, og 200.000 kroner for tilkopling til offentleg avløp, kan kommunen vurdera andre ordningar, tilrår administrasjonen i framlegget gebyrutvalet skal diskutera i dag.

Bruken av ordet ”kan” i framlegget opnar for at einskilde særleg uheldige bustadeigarar i praksis kan påleggjast uendelege kostnadar i samband med tvungen tilknyting.

Kostnadstak på 80.000 kroner
Etter den informasjonen nettavisa Tunnelsyn sit inne med, skal det til no ha vore praktisert eit tak på 80.000 kroner for kva kostnadar kommunen kan påleggja dei einskilde huseigarane i tillegg til tilkoplingskoplingsgebyret.

Taket vart sett i samband med tilkoplinga til dei gamle industriarbeidarhusa i Knarrevik.

Vert framlegget til nye retningslinjer vedtekne, vil det i så fall innebera ein auke i dei private kostnadar Fjell kommune kan påleggja einskilde huseigarar med minimum 275 prosent.

Individuelle vedtak
Sakshandsamar Heine Kleppe i Fjell kommune avviser påstanden om at det til no har vore praktisert noko øvre kostnadstak.

– Det har vore gjort nokre få einskildvedtak på generelt grunnlag, hevdar Kleppe.

– Innføring av retningslinjer inneber at det skal gjerast ei individuell vurdering i kvart einskild tilfelle, seier Kleppe.

Eit grunnlag for individuell vurdering er dersom det nyleg er gjort store investeringar i eksisterande private anlegg og desse anlegga fungerer tilfredstillande. I så fall kan krav om offentleg tilknyting utsettjast med inntil 10 år.

Diffuse retningslinjer
Framlegget til retningslinjer framstår som diffust når det gjeld å fastslå i kva tilfelle det kan gjevast dispensasjon, og på kva vilkår.

Kan hende synes sakshandsamaren i Fjell kommune at huseigaren tenar for godt, eller har for mykje i formue? I så fall opnar framlegget til retningslinjer gebyrutvalet skal diskutera i dag, for å påleggja huseigaren kostnadar som langt overstig 300.000 kroner.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s