– Dei kan søkja bustøtte!

Leiar Anne Hestnes i gebyrutvalet og Arbeiderpartiet syntes 300.000 var ein grei sum å påleggja bustadeigarar i Fjell å betala i samband med tvungen tilkopling til det offentlege vatn- og avsløpsnettet.

300.000 er ein grei sum å påleggja bustadeigarar i Fjell for tvungen tilkopling til offentleg vatn og avløp, hevda Anne Hestnes (A) i gebyrutvalet.

(Saka er oppdatert)

Diskusjon om eit øvre tak for kva kostnadar Fjell kommune kan pålegga innbyggjarane å betala i samband med tvungen tilkopling til FjellVar sitt leidningsnett for vatn og avløp tok halvannan time under gårsdagens møte i gebyrutvalet.

Les: Føreslår å auka tilkoplingskostnadane med 275 prosent

-Dette er greie summar, innleia utvalsleiar Anne Hestnes. Ho hadde diskutert saka med Arbeidarpartiet si gruppe på førehand og fått ok for at dei føreslegne summane på inntil 100.000 for framføring av privat leidningsnett for vatn, og inntil 200.000 for framføring av leidning for avløp, var greie summar å påleggja einskilde huseigarar å betala.

Summen må setjast så høgt, for at flest mogeleg av innbyggjarane i Fjell skal bidra til å dekka dei store investeringane FjellVar er pålagt i samband med den vedtekne infrastrukturutbygginga. Slik det no er, må eksisterande abonnentar betala for dei som ikkje knyter seg på. Vi kan ikkje påleggja FjellVar kostnadar som vi veit dei ikkje vil få dekka, argumenterte Hestnes.

FrP ville halvvera
150.000 bør vera nok. Dei det gjeld vert jo nøydde til å finansiera den tvungne tilkoplinga. Langt frå alle innbyggjarane i Fjell har ein privatøkonomi som tillet slike store ekstrakostnadar, innvende Daniel Victor Sandvik (FrP).

Framstegspartiet sin representant fremma eit alternativt forslag om at det bør setjast eit kostnadstak ved 50.000 kroner for vatn og 100.000 for avløp.

Administrasjonen overdriv kor einkelt det er å få realisert eit pålegg om tvungen tilkopling, meinte Sandvik. Han kravde at kostnadstaket bør vera absolutt, det vil seia at alle kostnadar, også dei kommunale gebyra for søknadshandsaming og for tilkopling til FjellVar sitt leidningsnett, må inkluderast i den øvre beløpsgrensa.

Val av trase
FjellVar sitt val av trase for røyrleidniga vil også ha betydning for kostnadane i samband med tvungen påknyting, meinte Sandvik. Frå Kallestad har han fått fleire henvendingar frå innbyggjarar som stussar over at leidingar vert lagt langt frå den noverande busetnaden.

All informasjon på bordet
Jon Inge Matre (H) syntes summane administrasjonen foreslo høyrtes høge ut, særleg med tanke på at Fjell har  VA-gebyr som er høgare enn i dei fleste kommunar. Verken han eller Kristin Brennhaug (KrF) hadde likevel andre konkrete beløp i tankane.

– Dess færre som kan seia nei, dess fleire abonnentar får vi, meinte Matre.

Høgrerepresentanten etterlyste meir informasjon, og vil ha alle fakta på bordet når saka kjem opp til behandling i Formannskapet og Kommunestyret. Då bør det stå noko i saksutgreiinga om dei samla beløpa som dei einskilde husstandane må ut med i samband med tilknyting til FjellVar sine anlegg.

– Vi veit gebyra vil verta dobla, hevda Sandvik.

Med tanke på den føreståande kommunesamanslåinga, kan det også vera på sin plass å henta informasjon om praksisen i Sund og Øygarden, la FrP-representanten til.

Søkja bustøtte
– Dei fleste vil kunna kopla seg på til ein kostnad som er langt lågare enn dette. I mange tilfelle vil fleire husstandar kunna dela på kostnaden, hevda Hestnes.

– Det er berre i nokre få tilfelle at grensa på 300.000 vil verta nådd, innvende Hestnes.

– Dette vert einskildvedtak, og då har dei det gjeld jo høve til å klaga, sa Hestnes.

– Ingen skal behøva å selja huset for dette. Kommunen har verkemiddel som kan koma til nytte i slike situasjonar. Dei som ikkje har økonomi kan søkja om bustøtte. Alle vil ikkje få det, men dei som treng det. Bustøtte er ei ordning vi har god greia på her på huset, sa Heine Kleppe som er sekretær for gebyrutvalet.

– Vi veit kven dei aktuelle er, dei fleste av dei, hevda Kleppe.

Reduserte beløpa
– I slike einskildsaker bør det vera rom for dispensasjon. Om dei ikkje har økonomi, bør det vera rom for individuelt skjønn, innvende Egil Håland (A).

– Dette er forslag om eit tak, vi får sjå kva vi kan enda på når det gjeld tal, la Ap-veteranen til.

Etter eit kort gruppemøte, la Arbeiderpartiet og Høgre fram eit alternativt forslag som seinka beløpsgrensene til 75.000 for tilkopling til vatn og 175.000 for tilkopling til avløp.

Gebyrutvalet tilrår fellesframlegget frå posisjonen med fire mot ei røyst (FrP).

Forureiningslova
Pålegg om tvungen tilkopling til det offentlege vatn- og avløpsnettet skjer i henhald til Plan og bygningslova.

I tilfelle der det er snakk om miljøforureining frå eit avløpsanlegg, vert bustadeigaren derimot pålagt å stoppa forureininga. I slike situasjonar kan vedkomande få pålegg om å montera minireinseanlegg, ifølgje Bjarne Ulvestad i FjellVar.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s