Fleire bustadlause

Talet på bustadlause innbyggjarar i kommunane vestom Bergen aukar, viser tal frå SSB.

Fleirtalet av dei som tok mot sosialhjelp i fjor bur i leigd bustad, viser tal kommunane og NAV har meldt inn til SSB. I Fjell, Askøy og Øygarden utgjer dette tre av fire sosialhjelpsmottakarar. I Sund leiger seks av ti personar.

Til saman 54 personar vart registrerte som bustadlause i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i fjor.

Heile 256 personar i regionen er vart registrerte med ”annan busituasjon”. Det vil seia at dei verken eig eller leiger bustad. Dei er heller ikkje bustadlause, men bur på hospits, i campinghytter, er på institusjon, eller sit i fengsel.

Flest i Fjell
Fjell er den kommunen som har flest innbyggjarar utan bustad. Kommunen sitt heftige oppkjøpsraid i bustadmarknaden i fjor førte ikkje til at det vart færre bustadlause. Tvert i mot auka talet frå 27 til 29 personar.

Les: Storkjøpar av bustadar

Talet på sosialhjelpsmottakarar i kommunen som eigde sin eigen bustad auka frå 20 til 32 personar i løpet av året.

Nær halvparten av dei med ”annan busituasjon” – heile 123 personar – var heimehøyrande i Fjell.

Askøy
Noko mogeleg forklaring vert ikkje gjeven, men i Askøy er det berre registrert halvparten så mange bustadlause som i Fjell. Her var det i fjor 14 personar som mangla tak over hovudet.

Talet på sosialklientar med eigen bustad i kommunen auka samstundes frå 34 til 39 personar.

Fjerdedelen av personane med ”annan busituasjon” i regionen var heimehøyrande i Askøy.

Fleire eig i Sund og Øygarden
Tal for dei einskilde kommunane vert berre oppgjevne dersom det er færre enn fire personar som vert omfatta. For 2015 vart det ikkje oppgjeve tal på bustadlause i Øygarden og Sund. I fjor vart henhaldsvis fire og sju personar i desse kommunane registrerte som bustadlause.

Sett i forhald til innbyggjartala, er det prosentvis meir enn dobbelt så mange sosialhjelpsmottakarar i Sund og Øygarden som eig sine eigne bustadar enn i Fjell og Askøy.

I Sund var 31personar registrerte med ”annan busituasjon”. I Øygarden var 30 personar i same situasjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s