Kuttar grunnopplæring – sender lærlingane til sjøs

Mangel på læreplassar i el-faga har fått Hordaland fylkeskommune til å tenkja kreativt.

Frå hausten av skal lærlingar innan elektrofaga kunna velja eit nytt tilbod om utdanning som skipselektrikar på vg3 ved Bergen Maritime vidaregåande skule, har fylkesutvalet i Hordaland vedteke.

Utdanningstilbodet er ikkje med i det ordinære søknadssystemet denne hausten. Alle som søkjer læreplass i elektrikarfaget skal likevel få informasjon om det nye tilbodet, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Grunna lite tilbod om læreplassar vert det frå hausten av ein klasse mindre på elektrofag vg1.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s