Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsvågskiftet

Køyretida vert om lag den same. Kostnaden ved å leggja den nye R555 sørover mot Austefjorden gjennom Skogsvågskiftet istaden for utanom, vert derimot under halvparten.

Gjennomgangstrafikken til Austefjorden skal også i framtida gå gjennom kommunesenteret Skogsvågskiftet.

Det utvida planutvalet i Sund tilrådde i går at nye R555 også i framtida skal gå gjennom kommunesenteret Skogsvågskiftet.

Hovudbry
Spørsmålet om trasevalet i tilknyting til Skogsvågskiftet, er ein av dei strekkjene på nye R555 Kolltveit – Austefjorden som har valda planleggjarane ikkje så reint lite hovudbry, ifølgje planleggjar Geir Arild Slettemark i Asplan Viak.

Tilrådinga frå rådgjevingsverksemda utløyste likevel ingen heftig diskusjon eller langvarig debatt i det utvida planutvalet.

Dei vanskelege spørsmåla var gjennomdiskutert og avklart i forkant av møtet, ifølgje Slettemark.

Beskjeden trafikkvekst
Nye R555 skal kunna ta unna trafikkveksten fram mot 2050, og vert planlagt med tanke på at inntil 7.800 bilar dagleg kan koma til å passera Skogsvågskiftet.

Framskrivingane legg opp til ein beskjeden trafikkvekst – berre 1.500 fleire bilar enn i dag.

Blanda trafikk

Skisse til oppgradering av nye R555 gjennom Skogsvågskiftet til tre køyrefelt. Plassering av rundkøyringar og gang- og sykkelveg

Politikarane i Sund fekk presentert to alternative skisser for korleis vegen kan tenkjast å passera Skogsvågskiftet:

Eit alternativ er at både lokaltrafikken til kommunesenteret og gjennomfartstrafikken også i framtida skal køyra gjennom kommunesenteret. For å handtera ein slik situasjon vert det planlagt tre køyrefelt, i tillegg til gang og sykkelveg inn mot handelsområdet.

På den vel to kilometer lange strekkja frå motorcross-bana gjennom Skogsvågskiftet og fram til krysset mot Hammarsland og Klokkarvik vil vegen verta utvida til ei samla breidde på 28 meter, og vil verta sprengt inn i terrenget på vestsida av den noverande traseen.

Snitt av det nye veganlegget ved Rema1000. Den stipla linja viser kvar dagens terreng går.

Tre rundkøyringar vert planlagt for å kanalisera trafikk mot henhaldsvis Kallestad/Trengereid, Skogsvåg/sentrumsområdet, og mot Klokkarvik/Austefjorden.

Ny veg
Det andre forslaget frå planleggjarane var å leggja ein ny veg parallelt med dagens, på vestsida. Ei løysing som i tillegg vil krevja opparbeiding av gang- og sykkelveg inne på det som i dag utgjer handelsområdet.

Reisetid
Reisetid og kostnad var dei to faktorane som politikarane skulle vurdera i samband med trasevalet:

Ein ny veg for gjennomgangstrafikken parallelt med dagens, vil vera raskare. Med 80 kilometer i timen vil det berre ta 1 minutt og 35 sekund å køyra dei to kilometrane frå motorcross-bana til krysset mot Klokkarvik/Hammarsland.

Ei utviding av dagens veg, med blanda trafikk gjennom kommunesenteret, vil måtta ha redusert hastighet. Køyretida vil då verta 2 minutt og 31 sekund, har Slettemark rekna ut.

Kostnadsforskjellen avgjorde
Skilnadane i reisetid vert i dette tilfellet så liten at politikarane i det utvida planutvalet vurderte tida som uvesentleg, sett i lys av kostnadsforskjellen.

Dei førebelse kostnadskalkylane estimerer ei oppgradering av dagens veg gjennom Skogsvågskiftet til å kosta inntil 300 millionar kroner.

Ein ny, parallell veg, kombinert med naudsynt oppgradering av den noverande gjennom Skogsvågskiftet, kan derimot fort enda på 650 millionar kroner.

Estimata, som har ein usikkerhet på 25 prosent, tilseier at det fort kan verta dobbelt så dyrt å byggja ein heilt ny veg som å oppgradera den noverande.

Reguleringsplan til hausten?
Tilrådinga vil leggja føringar for det endelege trasevalet som først vert avgjort når reguleringsplanen kjem til politisk behandling, truleg utpå haustparten, ifølgje Slettemark.

Forbi Fjell Gard
Med reguleringsplanen vil naboane i Fjell også få svar på ei anna av planleggjarane sine store utfordringar: Korleis den planlagte tunnelen under bak Fjell Gard kan realiserast, og korleis han eventuelt kan forlengjast under Krossleitet og fram til massedeponiet ved Fjell Festning.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s