Historikar sprengjer sprekker i tysk betonghistorie i Norge

Norske entrepenørverksemder og norske arbeidarar spela ei sentral rolle under bygginga av ”Festung Norwegen”.

Frå eit tysk kystbatteri i Festung Norwegen.

Organisation Todt og bygginga av dei tyngste tyske kystbatteria langs Norskekysten under 2. verdskrigen, var tema for senioruniversitetet Øygarden og Sotra sitt møte på Nordsjøfartsmuseet i ei flaggpynta Telavågbygd 8. mai.

Les: Frigjeringsjubileet – sett med barneauge

Betonghistorie
Historikar og forskar Torgeir E. Sæveraas var henta inn for å fortelja om eit til no lite belyst tema i norsk krigshistorie. Med bakgrunn i den ferske doktoravhandlinga si, ”Betong skapar historie”, fortalde han om den tyske entrepenørorganisasjonen Todt, som etterlot seg 310 kystbatteri, 2 enorme ubåtbunkrar, 20 flyplassar og ei rekkje vegar, jernbanar, kraftverk og havneanlegg i Norge då krigen var over.

Fjell Festning – Festung Felix – med dei tre særs grovkalibra 28,3 cm kanonane henta frå det havarerte krigsskipet Gneisnau, var eitt av dei aller mest slagkraftige festningsanlegga i Atlanterhavsvollen. Eit forsvarsanlegg som strekte seg frå Biscaya til Nordkapp og som skulle hindra engelskmennene og dei allierte frå å gjenerobra Norge og det europeiske fastlandet.

Forsvarskrig

Å få på plass dei store, tunge kanonane som utgjorde hjarta i dei tyske forsvarsverka, kravde både kraft og planlegging.

Atlanterhavsvollen var Hitler sitt svar på Svolvær-raidet og Måløy-raidet, men også ein konsekvens av at operasjon Barbarossa hadde feila med å erobra Sovjet i ein blitz-krieg. Hitler endra strategien frå angrepskrig til forsvarskrig, fortalde Sæveraas.

Norsk medverknad
Den veldige entrepenøraktiviteten gjennom dei fem krigsåra kravde ein enorm innsats av både menneskje og materiell. Organisation Todt var bindeleddet mellom det militære Wermacht og det sivile norske samfunnet. Organisasjonen nytta norske verksemder med norsk arbeidskraft som underleverandørar, i tillegg til krigsfangar og tvangsarbeidarar, til å realisera dei veldige forsvarsverka i eit tempo det aldri verken før eller seinare har vore sett maken til.

– Tyskarane utnytta sivile ressursar til militære føremål gjennom utstrakt bruk av tvang, for å nå sine militærstrategiske mål, hevdar Sæveraas.

Då freden kom i 1945, hadde tyskarane vel 350.000 mann i Norge. 12.000 av dei tilhøyrde Organisation Todt. I tillegg kom 80.000 arbeidarar. Halvparten av dei var utanlandske krigsfangar, ifølgje Sæveraas.

Frivillig tvang
Willy Henne var leiar for Operation Todt i Norge, og ansvarleg for å sikra norsk byggekapasitet og norske tilsette til dei mange anlegga. Henne nytta seg av ein frivillig tvang for å få norske verksemder til å samarbeida med den tyske okkupasjonsmakta.

Anlegga ville verta bygde, uansett. Om dei norske verksemdene nekta å medverka, ville dei få beslaglagt anleggsmaskiner og utstyr, truga okkupasjonsmakta.

Mange norske verksemdeigarar frykta i førstninga konsekvensane av å setja seg på bakbeina, framkjem det av forhøyrsprotokollane frå rettsoppgjeret etter krigen som Sæveraas har granska.

Om kravet om samarbeid med tyskarane vekte sterke protestar i starten, gjekk samarbeidet seg raskt til ettersom nordmennene oppdaga at oppdraga stod i kø, ifølgje forhøyrsprotokollane.

Noko medverka nok også London-regjeringa sitt dekret om at hjula skulle haldast i gang i det okkuperte Norge.

Det skulle mykje til for å verta dømt for landssvik i ettertid. Det nasjonale sinnelaget avgjorde i mange sin favør. Totalt 16.400 nordmenn vart tiltalt for økonomisk landssvik etter krigen.

Lønsleiiande

Med doktoravhandlinga «Betong skapar historie», sprengjer historikaren Torgeir E. Sæveraas sprekker i den delen av den norske krigshistorien som omhandlar medverknad i okkupasjonsmakta sine aktivitetar. (Foto: Aschehoug).

Den tyske byggeaktiviteten frå 1941 og framover førte til ein slutt på arbeidsløysa som hadde ridd det norsk samfunnet som eit mareritt i førkrigsåra.

Tyskarane betalte dessutan godt. Norsk arbeidskraft vart rekna for å vera velkvalifisert, og eit lønsnivå som låg inntil åtte gongar høgare enn det som var vanleg i det norske samfunnet, var ikkje uvanleg og bidrog nok til at einskilde var lette å overtala, ifølgje Sæveraas.

– Protestane i starten gjekk over i konkurranse dei norske verksemdene i mellom om oppdraga, og gav også grunnlag for nyetableringar, hevda Sæveraas.

For å få ned lønspresset i entrepenørbransjen, gjekk tyskarane enda til det steget å henta inn arbeidskraft frå andre bransjar.

Norske fasadar
For at alt skulle skje etter tyske spesifikasjonar og med tysk grundighet, vart tysk leiing og tyske arbeidarar sett inn i dei norske verksemdene. Dei norske verksemdene fungerte nærast som fasadar for den tyske aktiviteten og bidrog til å sikra tilgang til norsk arbeidskraft. Dei var lønskontor og fekk i henhald til standard kontraktar eit fast påslag på 30 prosent på oppdraga.

Raseideologi
Tysk raseideoloi – verdsetjing av arbeidskraft frå ulike nasjonar – var utslagsgjevande for korleis arbeidskrafta vart behandla. Andre og trederangs soldatar, og middelaldrande som ikkje vart vurderte som eigna til aktiv krigføring, samt private frå tyske og okkuperte område fekk gjerne leiande oppgåver.

Aller nederst i hierarkiet stod jødane.

Krigsfangane sin skjebne
Krigsfangar, særleg frå Austfronten, og tvangsutskrivne gjorde grovarbeidet. Ifølgje offisielle registre omkom kring 12.000 krigsfangar i Norge.

Ved Festung Felix kjenner ein berre til at 25 personar omkom, ifølgje Ole Hovland i Sotra og Øygarden Forsvarsforening.

Talet er overraskande lågt, sett i lys av at ein kjenner til at kring 300 personar omkom ved bygginga av søsteranlegget på Ørland. Ved einskilde festningsanlegg i Norg-Norge kjenner ein til at det omkom over 500 personar som følgje av brutal behandling og lite mat.

Innbyggjarane i Fjell- og Telnes-bygdene rosar seg av å ha hjulpe krigsfangane med mat. Det er likevel ingenting som tyder på at mentaliteten hos dei tyske okkupantane var mindre skånsellaus her enn andre stadar.

Les: Attreisinga av Telavåg – ei nasjonal oppgåve

Vitnemål om galskap
– Operation Todt var ein sentral aktør for å oppfylla Hitler sin vilje til å halda nordflanken. Atlanterhavsvollen vart bygd for ein invasjon som aldri kom. I dag stå anlegga der som minner om den galskapen som reid det tyske samfunnet i krigsåra, oppsummerte historikar og forskar Torgeir E. Sæveraas.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s