No kjem innfartsparkeringa på Fjell

Ei verkeleggjering av planane om innfartsparkering på skuleplassen på Fjell er eit av strakstiltaka som skal redusera køane på Litle Sotra og over Sotrabrua.

Utolmodige pendlarar på vestsida har alt byrja ta i bruk den nedlagte skuleplassen på Fjell til innfartsparkering, men framleis er det god plass til mange fleire. Over ferien skal dei offisielle skilta setjast opp.

Innfartsparkering er eit av fleire klimatiltak som skal redusera utsleppa av klimagassar frå personbilar i kø i Bergens-området, er det brei politisk semje om i Hordaland.

Stopp vestfor Straume
Ved gamleskulen på Fjell kan det verta plass til eit 100-tals bilar. Eit lite, men viktig, bidrag til å halda bilane unna køområda på Straume og innover mot Bergen.

Les: Vil ha innfartsparkering ved gamleskulen på Fjell

På Fjell ligg busstoppet like inntil skuleplassen. Nærleiken til offentleg transport gjer at innfartsparkeringa garantert vil verta brukt, ifølgje Odd Valvatne (A) som er saksordførar  for handlingsplan for energi, klima og miljø.

Nærleik gjev effekt

Busstopp like utanfor innfartsparkeringa på Fjell gjer at ho garantert vil verta brukt, hevdar Odd Valvatne (A) på grunnlag av erfaringar frå Ågotnes.

– Effekten av å flytta innfartsparkeringa på Ågotnes nærare innfartsparkeringa har vore så god at det no er blitt vanskeleg for dei reisande å finna eigna parkering i kommunedelsenteret, hevdar Valvatne.

Han er overbevist om at ein vil kunna få same resultatet på Fjell.

Offisiell
Fjell kommune har omsider kome til semje med Hordaland fylkeskommune om at skuleplassen på Fjell skal få status som innfartsparkering. Men først må plassen grusast, og det må setjast opp skilt. Eit arbeid som kan ta til like over ferien, seier varaordførar Tom Georg Indrevik (H) til Tunnelsyn.no

Ventar og ser
Eldrerådet i Fjell er mellom dei som lenge har kjempa for å gjera skuleplassen om til innfartsparkering. John Kjell Fjeld tek ikkje gleda på forskot. Han trur det ikkje før han ser det:

-Dette lova dei for to år sidan, også, seier Fjeld.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s