Dei som dumpar store mengder avfall i vegkanten eller i naturen bør verta melde til politiet for miljøkriminalitet og bøtelagt, hevdar Odd Valvatne (A).

Kommunestyrerepresentanten for Arbeidarpartiet i Fjell er saksordførar for handlingsplanen for energi, klima og miljø som no er under utarbeiding.
Temaet for handlingsplanen er mangfaldig, og kan angripast på mange ulike måtar, innleia Valvatne dagens fagseminar om klimaendringar og klimatilpassing.
Førebygging
Oppdaginga av den daude kvalen med magen full av plast krev handling som går langt utover ein omfattande strandryddeaksjon våren 2017. Førebyggjande tiltak vil vera vel så viktige i eit langsiktig perspektiv.
Spora opphavsmannen
– Vi kan ikkje lenger sjå mellom fingrane på at einskilde etterlet seg større mengder avfall i vegkanten eller i naturen. Dei som kjem over slike avfallsdungar bør melda funna til politiet, slik at dei kan verta etterforska. Kan hende finst det spor i avfallet som kan avsløra kven som dumpa det, hevdar Valvatne.
Bøtleggjast
– I dag vert du meld til politiet om du snik på bussen, men dumpar du store mengder avfall, skjer det ingenting, beklagar Valvatne.
– Slikt er miljøkriminalitet. Dei som forsøplar bør få bøter som speglar kva det kostar å rydda opp, argumenterer Valvatne.
Vis engasjement
Det handlar om å visa engasjement. Ein del tiltak, til dømes lovendringar, er av ein slik art at dei vil krevja oppslutnad hos sentrale politikarar for å få gjennomført. Det får vi, når dei ser eit sterkt engasjement på lokalplanet, er saksordføraren for handlingsplanen for energi, klima og miljø i Fjell overtydd om.
1 Comment