Bergen som moderne sjøfartsby

Bergen sin historie som sjøfartsby slutta ikkje på 1970-talet, sjølv om Reksten og dei andre vinnarane frå vekståra etter krigen måtte ankra opp.

Framveksten av ein stor offshoreflåte er ein viktig del av forklaringa på at Bergen framleis er ein stor skipsfartsby.

Det meiner professor Stig Tenold ved NHH som er engasjert for å skriva bok om den lokale sjøfartshistoria frå 1973 til 2010, ifølgje ei pressemelding frå Bergen Sjøfartsmuseum.

Vendepunkt
1973 vart eit vendepunkt i internasjonal, norsk og bergensk skipsfart. To fantastiske tiår med kraftig vekst vart plutselig avløyst av den største krisa i skipsfartsnæringa i det 20. hundreåret. Reiarar som hadde vore vinnarar i vekståra, vart særleg hardt ramma. Skipsfart under norsk flagg vart på det næraste utradert. I åra fram til 1987 gjekk over to tredelar av dei norske rederia over ende, selde seg ut eller flagga ut.

Dreg vi perspektivet vidare, ser vi at norsk skipsfart generelt, og bergensk skipsfart spesielt, får ein ny vår. Eit oppsving som er knytt til spesialisering i nisjar.

Vinnarar og taparar
Sjøfolk og verft er likevel døme på grupper som ikkje har fått nyta godt av oppsvinget dei siste tiåra.

Boka skal fanga opp denne dobbeltheten, beskriva dei strukturelle skifta, få fram kven som vart vinnarar og taparar, og forklara kvifor det gjekk som det gjekk, lovar Tenold.

Perioden frå 1973 til 2010 er historia om NIS, den kontroversielle oljetransporten i den krigsutsette Persiabukta og framveksten av ein mektig flåte av offshore-fartøy. Mellom anna.

100-årsjubileum
Bergen og sjøfarten band VI, vert planlagt å koma ut til Bergen Sjøfartsmuseum sitt 100-årsjubileum i 2021.

Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Bergens Rederiforening, i tillegg til ei rekkje fond og stiftingar med tilknyting til Bergen sin skipsfartshistorie.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s