– Klimagassutsleppa må ned

Klimatilpassing aleine det hjelper lite. Utsleppa av klimagassar må reduserast. Lar vi vera, må tilpassingstiltaka eskalerast kontinuerleg for å handtera eit stadig varmare, våtare og villare klima.

Doktorgradsstipendiat Hanna Kvamsås frå SpaceLab nytta fagseminaret i samband med oppstarten av arbeidet med handlingsplan for energi, klima og miljø i Fjell til å åtvara mot å tru at klimatilpassing aleine vil vera nok til å verna Sotrastrilen mot framtidige klimaendringar.

Endringar i havet

Vi veit lite om konsekvensar av at havet vert varmare og surare, åtvarar doktorgradsstipendiat Hanna Kvamsås i SpaceLab.

Sotrastrilen er sårbar for ting som skjer med naturen rundt oss. Vi er også sårbare for ting som skjer internasjonalt.

Havet vert varmare og surare. Kva konsekvensar kan det tenkjast å få? Det veit vi veldig lite om, ifølgje Kvamsås.

Les: Havforskar fryktar sur lekse for fiskeri og havbruk

Ein konsekvens kan verta at vi må flytta arbeidsplassar etter fisken, når han dreg nordover på leit etter kaldare farvatn.

Les: Slik lukkast du med lutefisken

Matforsyning
At sjøfuglane nyttar plast til å byggja reir, ser vi som eit trist utslag av klimatilpassing. At vekstsesongen i landbruket vert lenger, kan vera positivt. At risikoen samstundes aukar for at avlingane skal regna vekk, eller rotna som følgje av meir nedbør, skapar aukande utryggleik for matforsyninga, ifølgje Kvamsås.

Komplekst tema
Klimaendringar og klimatilpassing er eit komplekst tema, med mange aspekt. Langt frå alle klimaendringane dreier seg om ting vi kan tilpassa oss til eller forsikra oss mot.

Les: -Kommunane får større ansvar for naturskader

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s