– Kommunane får større ansvar for naturskader

Sju av ti klimaskader kunne ha vore unngått dersom kommunane hadde teke meir omsyn til lokalkunnskap og tidlegare erfaringar ved utarbeiding av nye planar og tildeling av løyve.

Klimaendringar og klimatilpassing var tema for eit fagseminar som markerte starten på Fjell kommune sitt arbeid med ny handlingsplan for energi, klima og miljø.

Meir ekstremt

Veret vert varmare, våtare og villare. Sotrastrilen har meir ekstremver i vente, ifølgje doktorgradsstipendiat Hanna Kvamsås i SpaceLab.

Veret vert varmare, våtare og villare. Som busette på kysten er Sotrastrilane sårbare for ekstremver. I framtida vil vi merka at flom, ras, stormflo og stengte vegar vert enno meir vanleg som følgje av klimaendringar, fortalte doktorgradsstipendiat Hanna Kvamsvås ved SpaceLab til dei 30-tals deltakarane på seminaret.

Les: – Klimagassutsleppa må ned

Forsikringsselskapa fekk i fjor 40.000 meldingar om skader på bygg og eigedelar som følgje av uver. Dei samla erstatningsutbetalingane for skadane utgjorde 1,8 – 1,9 milliardar kroner, ifølgje Steffen Gjørva i Trygg Forsikring.

Her i Hordaland, som i resten av landet, er vatn største risikofaktoren.

Klimatilpassing

Aukande skadeomfang gjer det vanskelegare for forsikringsselskapa å rekna risiko. Konsekvensen kan verta at det vil koma område der det ikkje lenger vert råd å forsikra seg mot skader, åtvara rådgjevar Steffen Gjørva i Tryg Forsikring.

Tanken er at samfunnet ved å innføra klimatilpassande tiltak, skal kunna avgrensa eller heilt unngå konsekvensane av klimaendringar.

– Sju av ti klimaskader kunne ha vore unngått dersom kommunane hadde teke meir omsyn til lokalkunnskap og tidlegare erfaringar frå områda, hevdar Gjørva og viste til ei undersøking gjort av Vestlandsforsking.

Større ansvar
Forsikringsselskapa ser det som naturleg at kommunane i framtida vil få tillagt større ansvar for klimatilpassingstiltak, både som anleggseigarar og som godkjennande instans for nye bygg.

Å byggja tett kan vera positivt fordi det reduserer behovet for transport. Samstundes aukar andre problem, mellom anna med overvatn som følgje av stadig hyppigare og kraftigare regnskurer.

Krav til kommunane
– Kommunane er under stort press for å godkjenna eindel byggeprosjekt. I mange situasjonar kan det vera vanskeleg å seia nei. Forsikringsbransjen må verta flinkare til å synleggjera konsekvensane, råda varaordførar Tom Georg Indrevik (H) representanten for forsikringsbransjen.

Kommunane manglar incentiv til å seia nei, medgav Gjørva og lista opp ei rekkje krav kommunane bør oppfylla. Mellom anna må kommunane styrka arealplanlegginga, betra utbygginga av VA-nettet til å handtera store mengder overvatn, og innføra sikrings- og beredskapstiltak, og klimatilpassing.

Alt vi ikkje kan forsikra oss mot
Aukande skadeomfang og høgare erstatningsutbetalingar medfører høgare premier for forsikringstakarane. Men det vert også vanskelegare for forsikringsselskapa å berekna risiko. Aukande utryggleik kring risikoberekninga gjer at forsikringsselskapa vurderer område der vi ikkje lenger vil kunna forsikra oss mot skader, åtvara Gjørva.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s