Lemminkäiinen får konsekvensutgreia flytting til Søre Straume

Omsynet til dei 100 arbeidsplassane talte mest då Formannskapet i Fjell med knappast moglege fleirtal tilrådde at Lemminkäiinen får konsekvensutgreia ei eventuell flytting av asfaltverket frå Knarrevik til Industriområdet på Søre Straume.

«Ja» til konsekvensutgreiing er ikkje det same som «ja» til etablering, understreka fleirtalet på fem i Fjell formannskap.

Eit asfaltverk er ikkje i samsvar med reguleringsplanen for det offentlege kaiområdet på Søre Straume. Skal flyttinga kunna skje, er det avhengig av ei omregulering, orienterte plansjef Berit Rystad då Formannskapet i dag drøfta å konsekvensutgreia ei flytting av asfaltverket frå Knarrevik til Søre Straume.

Naboane på Knarrevik har lenge klaga over lukt og støy frå asfaltverket. Men det er planane for bygging av nytt Sotrasamband som er den direkte årsaka til at Lemminkäiinen no er på leit etter ny tomt.

Les: Ventar protestar mot flytting av asfaltverket til Søre Straume

Knappast mogeleg fleirtal

Mot fire røyster. fv. Anita Garlid Johannessen (Frp), Odd Bjarne Skogestad (Krf), Svein Bergh (Sotralista) og Olav Kobbeltveit (V).

Formannskapet var delt i synet på å la asfaltprodusenten konsekvensutgreia ei eventuell flytting. Opposisjonen, leia av Svein Bergh (SL) og Anita Garlid Johannessen (FrP), var skeptisk.

Bergh viste til ei tilsvarande sak kring år 2000, med fullsett sal på folkemøte, og mange protestar som sette ein stoppar for etableringa. Sidan den gongen har det vore ei stor utbygging i området, med langt fleire bustadar og verksemder ein må ta omsyn til.

– Lemminkäiinen driv lovleg der dei er i dag. Det er Sotrasambandet som gjer det naudsynt for dei å flytta. Om dei vert nøydde til å leggja ned i byggjeperioden, forsvinn verksemda, argumenterte Egil Håland (A).

Sterkt engasjement
– Når dei ber Fjell kommune om hjelp til å finna ein ny stad, er det fordi dei ønskjer å verta verande, la Håland til. Han såg likevel at dette er ei sak som vekkjer sterkt engasjement, også internt i Arbeiderpartiet si eiga gruppe.

– Reaksjonane mot flyttinga er forståeleg. Asfaltverket har ikkje akkurat skine der det er i dag. Det er likevel ei rekkje argument som er annleis enn i 2000. Tilkomsten vert annleis når Arefjord – Storskaret opnar. Ny teknologi har redusert luktplagene. Det må koma fram i ei konsekvensutgreiing. Det same må dei mange bustadane som har kome til sidan år 2000, og dei mange som er under planlegging i området.

– Eit ”ja” til konsekvensutgreiing er ikkje det same som eit ”ja” til etablering, men ein konsekvensutgreiing vil vera eig godt grunnlag for vurdering, hevda Håland.

Miljøkonsekvensar
Det var dei miljømessige konsekvensane for nærmiljøa og dei mange bustadane på Søre Straume, Bildøy og Ebbesvik som bekymra Odd Bjarne Skogestad (KrF) mest. Dessutan har kommunen nyleg vedtek å byggja ut friområdet Gjeitevikja, som er næraste nabo til den aktuelle tomten. På den andre sida må kommunen ta omsyn til ei etablert verksemd.

– Vi må vera merksame på at bordet fangar, om vi seier ja til ei konsekvensutgreiing, sa Skogestad.

– Om vi seier ja til å henta denne kunnskapen, må vi samstundes gjera merksam på at vi ikkje bind oss på nokon som helt måte, sa Skogestad, som undrast på om andre område har vore vurdert.

Bordet fangar
Også Olav Kobbeltveit (V) frykta at bordet fangar. Kommunestyret har gjort eindel val i området som ikkje lar seg foreina med eit asfaltverk. Venstre vil stemma mot både konsekvensutgreiing og asfaltverk.

– Om vi seier ja til konsekvensutgreiing, så er det eit signal om at det kan vera aktuelt å lokalisera asfaltverket der, hevda Anita Garlid Johannessen (FrP).

Ho tvilte på at asfaltverket vert luktfritt. Til det har problema vore for store i Knarrevik. På Søre Straume er det eit etablert friområde, og mange arbeidsplassar som kan få problem.

– Asfaltproduksjonen skjer heile året. Dei lagar ikkje asfalt berre i dei månadane når vindforhalda er gunstige, innvende Garlid Johannessen.

Kostbar utgreiing
FrP-representanten ser argumentet for arbeidsplassane, men meinte at ei etablering vil ramma langt fleire. Når FrP er skeptisk til ei konsekvensutgreiing, er det også fordi den kostar mykje pengar.

– Dette er akkurat det same som vi diskuterte i Arbeidarpartiet. Ein konsekvensutgreiing er på ingen måte eit klarsignal. Om Lemminkäiinen vil bruka desse pengane, sjølv om vi understrekar at ein konsekvensutgreiing ikkje er noko klarsignal, så kastar vi ikkje blår i augo på dei, innvende Håland.

– Vi synsar, men vi har i mange år høyrt på erfaringane til dei som bur i nærleiken av asfaltverket på Knarrevik. Dei tek ikkje så feil, sjølv om Lemminkäiinen tek i bruk ny teknologi, sa Skogestad.

– Alle likar nylagt asfalt
Ordskiftet hadde ikkje overtydd Sotralista sin representant:
-Teknologien vert betre, og alle er glad i nylagt asfalt, men plasseringa bør ikkje skje i eit slikt tett befolka område. Lemminkäiinen ber om råd, og då bør vi vera klinkande klare. Arbeiderpartiet seier ”tja”. De må gjerne gjennomføra ein konsekvensutgreiing, men det er ikkje noko signal om vegen vidare.

– Det viktigast vert å berga desse 100 arbeidsplassane i kommunen. Få vita konsekvensane av ei slik etablering. Forureining, lukt, utslepp og støy, innvende Atle Justad (A).

Justad ville ha utgreidd asfaltverket i forhald til skulen, barnehagen og dei andre verksemdene som kommunen har plassert på Søre Straume, og så bør vi jo spørja om det var rett å plassera ein skule og ein barnehage inne i eit industriområde.

Arbeidsplassane må prioriterast
– Eventuelle ulemper for desse gruppene må vegast opp mot å ha ei verksemd med 100 arbeidsplassar i kommunen. Det er viktigare at folk har arbeid enn at dei får sola seg, hevda Justad.

I avstemminga sa Høgre og Arbeidarpartiet sine fem representantar ”ja” til at det vert utarbeida ein konsekvensutgreiing, før det vert teke endeleg stilling til ei eventuell etablering på Søre Straume.

Frp, Krf, SotraLista og Venstre sine fire representantar stemte alle nei til at det vert gjennomført noko konsekvensutgreiing no.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s