Gjestekommentar: Venstre med gjennomslag for gründarar

Regjeringa la torsdag 11. mai fram forslag til revidert budsjett for 2017. Budsjettforslaget inneheld ei stor satsing på gründerar, som bidreg til fleire, varige arbeidsplassar i Noreg.

Sjølvstendig næringsdrivande får no betre høve til å setja av pengar til eigen pensjon, seier Terje Breivik (V) om innhaldet i Revidert nasjonalbudsjett for 2017.

Av Terje Breivik, finanspolitisk talsperson for Venstre, og stortingsrepresentant for Hordaland.

Dette er ein stor og gledeleg nyheit for alle gründerar og småbedrifter over heile landet. Fleire av forslaga frå regjeringa er forslag som Venstre har stått aleine om dei siste ti åra:
• Betre sosiale rettar og pensjon til sjølvstendig næringsdrivande
• Skattefrådrag for investeringar i nye bedriftar
• Gunstigare skatt på opsjonar i gründerbedriftar

Det er stort behov for private investorar i den fasen der ein treng det mest, altså før selskapet verkeleg kjem på marknaden. Dette er den mest krevjande fasen for nye bedrifter, uansett om det er en innovasjonsbedrift eller ein lokal frisørsalong. Trass i dette har dei fleste offentlige støtteordninga kome seinare, når bedrifta allereie er etablert i marknaden. Det har Venstre lenge foreslått å gjere noko med, og no får vi endelig gjennomslag.

Eit anna forslag i revidert budsjett å gleda seg over, er endringar i regelverket for privat pensjonssparing.
Sjølvstendig næringsdrivande får no langt betre moglegheit til å setje av pengar til eigen pensjon. Det sosiale sikkerheitsnettet vert styrka for dei som skapar morgondagens arbeidsplasser, og det vert meir attraktivt å starte nye selskap. Venstre har foreslått dette i en årrekkje, og eg er glad for at det no kjem på plass.

Vi får fleirtal for våre forslag. Det gjer at fleire kan starte for seg sjølv, fordi det vert enklare og tryggare. Desse gjennomslaga understrekar viktigheten av eit fortsatt borgarleg fleirtal og Venstres kamp for å gjere det enklare å starte nye bedrifter og arbeidsplassar.

Venstre har fleire forslag som vil gjere kvardagen enklare for landets småbedrifter til behandling i Stortinget.
Ikkje minst er det på høg tid at sjølvstendig næringsdrivande får betre sjukelønnsordning.

I forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett vil Venstre spesielt prioritere tiltak for gründerar og småbedriftar, etterutdanning og kompetansehevingstiltak for lærarar og tilsette i skulen, samt tiltak for eit reinare hav og opprydding i plastforsøpling.

Regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett er eit godt utgangspunkt for forhandlingane, og vi er glade for at regjeringa har lytta til fleire av de forslaga vi har fremma for å skape fleire arbeidsplassar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s