Kommentar: Har du gløymt solidariteten, Justad?

Ei handfull eigarar av frittliggjande einebustadar i Fjell risikerer å måtta ut med inntil 250.000 i tvungen påkopling til vatn og avløp for at FjellVar sine noverande abonnentar skal kunna spara ein tikroning i gebyr.

Atle Justad (A) tvangsheld på at flest mogeleg må tvingast til delta i det offentlege spleiselaget for å halda VA-kostnadane nede. Skit i kva inngangsbilletten kostar for dei siste tilmelde. Det er ikkje Justad sitt problem.

– Retningslinjene legg opp til at ingen skal lida overlast, hevda Atle Justad (A) då Formannskapet i Fjell diskuterte beløpsgrenser for tvungen tilkopling til vatn og avløp.

Les: Tvangsheld på tvangstilknyting for VA

I slike tilfelle er det rett å vurdera å tvinga einskilde innbyggjarar til å delta i det offentlege spleiselaget, for å redusera kostnadane for alle dei andre, argumenterte Justad.

Berre nokre få husstandar vil verta omfatta av ei slik ordning, i følgje Svein Bergh. I tettbygde strøk har dei fleste dette er aktuelt for alt kopla seg på. I grisgrendte bygder finst det ikkje noko leidningsnett å kopla seg på.

80 prosent av innbyggjarane på Litle Sotra og halvparten av husstandane på StoreSotra er alt tilkopa det offentlege avlaupsnettet, ifølgje FjellVar si årsmelding for 2015. Talet er truleg noko høgare no.

For dei aktuelle husstandane vil inngangsbilletten til å delta i det offentlege spleiselaget kosta inntil 250.000 kroner. Snakkar vi om eit 100-tals tvangstilknytte husstandar i tillegg til dagens, kan Atle Justad og andre som håpar på rimelegare VA-gebyr som følgje av fleire abonnentar i beste fall håpa på ein ti-kroning i avgiftsreduksjon.

Har du gløymt solidariteten, Justad?

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s