Tvangsheld på tvangstilknyting for VA

Arbeiderpartiet og Høgre står fast på at eigarar av frittliggjande einebustadar i Fjell skal måtta ut med inntil 250.000 for å leggja privat leidingsnett fram til FjellVar sine fellesanlegg for vatn og avløp.

Atle Justad (tv), Hilde Lohmann Sandal og Egil Haaland, alle Arbeiderpartiet, er overtydd om at dei vil få store reduksjonar i VA-gebyret ved å vedta tvungen tilkopling for ei handfull husstandar i meir spreddbygde delar av kommunen.

Med seg på tilrådinga i Formannskapet i går fekk posisjonen Venstre og KrF.

Berre FrP og Sotralista stemte mot.

Les: Vil auka tilkoplingskostnaden med 275 prosent

Human tvang?
FjellVar har investert store summar for å koma ut til så mange som mogeleg. Om kommunen er rundhanda med å la folk sleppa unna, vil det gå ut over oss andre, hevda Atle Justad (A).

-Vi må få alle til å vera med på spleiselaget. Dette er veldig humane retningslinjer, hevda Justad og la til at ein i slike situasjonar må vurdera å pressa nokre innbyggjarar til å kopla seg på.

Utbygging?
– Kostnadsgrensene er definert ut frå kostnadane med alternative anlegg, som borehol og minirenseanlegg, hevda Egil Haaland (A).

Ved å redusera administrasjonen sitt opphavelege forslag frå 100.000 til 75.000 for vatn og frå 200.000 til 150.000 for avløp, meinte Haaland at Fjell vil havna om lag på same nivå som andre kommunar med tilsvarande ordningar.

Tilkoplingsgebyret til det offentlege nettet kjem i tillegg, 180 kroner per kvadratmeter buareal, om ein skal ha både vatn og avlaup.

Haaland såg likevel at dette kunne verta dyrt for einskilde, og at ein i eit individuelt vedtak må ta omsyn til økonomien til den einskilde.

Les: – Dei kan søkja om bustøtte

– Kostnaden ligg der. Vi kan kanskje vurdera om det kan vera aktuelt med noko utbygging i ein slik samanhang, la Haaland til.

Treng meir informasjon
Å ha grundige retningslinjer er viktig, for at eit skjønn skal verta rett og rettferdig for dei einskilde, ut frå deira situasjon, meinte Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Sidan dette er ein lite kjent problematikk, trengs det meir informasjon, både om kva som vert omfatta av kostnaden, og om kva som kjem i tillegg, til dømes i tilkoplingsgebyr og årsavgift. Denne informasjonen bør foreliggja før endeleg behandling i Kommunestyret, slik at også dei som ikkje er medlemmar i Gebyrutvalet har sjanse til å setja seg inn i kva dei skal vedta.

Anlegg som fungerer
Retningslinjene er så detaljerte at dei fritek saksbehandlarane for å utøva skjønn, frykta Anita Garlid Johannessen (FrP). Ho viste til at mange av dei det gjeld alt har investert store summar i private anlegg som fungerer bra.

Å bruka av kommunen sine sparsame midlar til Startlån til å erstatta fullgode løysingar, så lenge det finst mange unge og andre grupper som treng hjelp til å koma inn på bustadmarknaden, vert feil, hevda FrP-representanten.

Beløpsgrensa for tvungen tilkopling bør setjast ved 50.000 for vatn og 100.000 for avløp, fremma FrP-representanten forslag om.

Omfattar få
– Dette vil berre gjelda nokre få hushald. I tettbygde strøk har dei fleste dette er aktuelt for alt kopla seg på. I grisgrendte bygder finst det ikkje noko leidningsnett å kopla seg på, innvende Svein Bergh (SL) som likevel ikkje var usamd i at flest mogeleg bør bidra til kommunen sine fellesanlegg.

– Kan kommunen vedta noko som er strengare enn det Plan og bygningslova legg opp til, spurte Bergh og viste til lovkommentarane til §27-1 og §27-2.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s