Fleire søkjer økonomisk rådgjeving

Søk hjelp tidleg, før dei økonomiske problema vert store og uhandterlege, er rådet fylkesmannen i Hordaland har til hordalendingar som slit med å betala rekningane sine.

Ikkje vent til problema tårnar seg opp før du søkjer økonomisk rådgjeving hos NAV.

Den rekordhøge arbeidsløysa i region vest medverkar til at stadig fleire ser behov for å søkja økonomisk rådgjeving hos NAV.

Auke på 28 prosent
Totalt 221 personar frå Fjell, Askøy, Sund og Øygarden søkte om økonomisk rådgjeving i fjor. Det er ein auke på heile 28 prosent, samanlikna med året før, ifølgje Fylkesmannen i Hordland som har oppsummert tala dei lokale NAV-kontora har rapportert til SSB..

Godt kjend i Askøy
Rådgjevingstenesta ser ut til å vera særleg godt kjend i Askøy – halvparten av dei som søkte rådgjeving var heimehøyrande her. Fjellsokningane er minst flinke til å nytta den gratis rådgjevingstenesta, sett i lys av folketalet.

Gratis rådgjeving
Alle har rett på økonomisk rådgjeving hos NAV. Du treng ikkje ha søkt om anna hjelp for å få tilgang til tenesta.

Det gjeld å søkja hjelp tidleg, understrekar fylkesmannen.

Ikkje vent for lenge
Mange ventar til dei økonomiske problema er blitt store og uhandterlege. Til dømes når har dei fått utleggstrekk i løn eller yting, og ber om sosialstønad for å dekkje utgifter.
Andre står i fare for, eller har alt mista bustaden dei bur i, grunna misleghaldt husleige eller tvangssal av bustad.

Motstraums
Sund var einaste kommunen i regionen der færre innbyggjarar søkte om økonomisk hjelp i fjor enn i 2015.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s