Nokon som saknar ein kunstgrasbane?

Like nord for Panorama Hotel i idylliske Austefjorden har nokon slengt frå seg ein heil kunstgrasbane, med store mengder tilhøyrane mikroplast.

Den tidlegare kunstgrasbana ruver godt. Haugen ved sida av er ein blanding av mikroplast og sand, som gradvis vert vaska ned i terrenget med vestlandske regnskurar.

Over heile Sotra saumfarer folk vikjer og svaberg på leit etter plast denne våren. Ikkje alle let til å ha fatta poenget.

Ute av syne…
Det er ikkje vakkert alt som er grønt. Ute av syne for gjestane på Panorama Hotel i Austefjorden i Sund, ligg ei heil kunstgrasbane, dumpa på den utsprengte nabotomta i nord.

Finmalen mikroplast

Ein neve mikroplast, iblanda sand.

I ein haug ved sida av den vraka kunstgrasbanen ligg store mengder finmalen svart mikroplast iblanda sand. Kvar gong det regnar vert litt av plasten skylt ned i steingrunnen og vidare ut i havet.

Spesialavfall

Alle desse sekkane inneheld mikroplast, iblanda sand.

Plast høyrer ikkje heime i naturen – plast er spesialavfall og skal resirkulerast på forsvarleg måte, i henhald til Forureiningslova.

Les: Helgeturen: Børnestangen

Aukande problem
Folk som dumpar avfall i naturen er eit aukande problem i skjergardsparadiset vestom Bergen.

Tidlegare denne veka gjekk Odd Valvatne (A), saksordførar for handlingsplan for energi, klima og miljø i Fjell ut og kravde at dei som forureinar miljøet med avfall bør meldast til politiet.

Les: Vil kriminalisera avfallsdumping

Berre å øydeleggja
Tomta der kunstgrasbana ligg, har lenge stått som eit stort og gapande sår i terrenget, og vitnar om at natur – også i skjergardsparadis – er gratis og berre å øydeleggja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s