Helgeturen: Tjorehagen

Ein blømande rododendronskog møter dei som i desse dagar tek turen til Tjorehagen i Radøy.

Velkomen til tjorehagen. Ingen tvil om at du er komen rett.

Mai og juni er rette tida for ein avstikkar frå E39 frå Knarvik. Legg du istaden ruta via R565 over Manger, ligg Tjorehagen so og seia i vegkanten. Godt skilta er han og.

Det går i pastell, kvitt, rosa og gult, men også raudt og lilla. Manglande skilting av dei 400 sortane til inspirasjon for andre hageglade er einaste innvending i eit ellers imponerande hageanlegg.

Det er berre å stikk inn porten og brått står du i ein trollskog full av blømande rododendron.

Skaparen sjølv, Olav Tjore, står med riva og helsar velkomen like ved kafeen.

Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore. Tidleg på 1960-talet starta han det strevsame arbeidet med å trylla skog, lyngmark og myr til ein frodig hage på 25 mål.

Idyll er rette ordet for å beskriva opplevinga av Tjorehagen ein solskinsdag tidleg i mai.

Stiar slyngjer seg gjennom ein eviggrøn rododendronskog. Fleire tjødn, nydelege tørrmurar og ei streinbru gjer idyllen komplett.

Denne tørrmurte steinbrua er i seg sjølv verd å få med seg.

Både klima og jorda ytterst på Nordhordlandskysten tilsa at rododendron var rette veksten å satsa på. 400 ulike sortar, i tillegg til eindel andre sjeldne tre og vekstar, har bidrege til å skaffa hagen venar langt ut over landegrensene.

Blømande rododendron mot det stille vatnet i Nøkketjern.

Hagen skal verta enno større. 15 nye mål er kjøpt inn og vert no dyrka opp av stiftinga og veneforeninga som i dag driv hagen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s