Får rekninga for at fjellsokningane skal få reint drikkevatn

Eit titals huseigarar på Kallestad og Kallestadvik meinar det er feil at det er dei som skal betala rekninga for at samtlege innbyggjarar i Fjell skal kunna nyta godt av reint drikkevatn.

Å nytta sjølvkostprinsippet for å tvinga innbyggjarane på Kallestad og Kallestadvik til å betala fleire hundre tusen kroner for tilkopling vil vatn og avsløp vert feil. Samtlege innbyggjarar i Fjell vil kunna nyta godt av reint drikkevatn når Kørelen vart offentleg vassverk, hevdar fv. Ingrid Nøkling, Vigdis Ekren, Inge Lise Kausland, Sonja Ekren og Arthur Ekren.

Saman med representantar for elleve andre huseigarar i Kallestad og Kallestadvik, kjempar Ingrid Nøkling mot Fjell kommune og den kommunale VA-verksemda FjellVar for å unngå å måtta ut med fleire hundre tusen kroner i samband med ei pålagt tvangstilkopling til dei offentlege tenestene.

Snur argumentasjonen på hovudet
Rekninga er feilsendt, meinar innbyggjarane i den vesle grenda heilt på grensa mot Sund.

Dei opplever det som om Fjell kommune og den kommunale vatn- og avlaupsverksemda FjellVar snur argumentasjonen på hovudet i den oppheita debatten om kva reglar som skal gjelda for tvungen påkopling til det offentlege vatn- og avlaupsnettet.

Les: Tviheld på tvangstilknyting for VA

Les: Føreslår å auka tilkoplingskostnadane med 275 prosent

Sjølvkost
– Fjell kommune nyttar sjølvkostprinsippet som argument for å tvinga innbyggjarane på Kallestad og Kallestadvik til å betala fleire hundre tusen kroner for knyta seg på det offentlege vass- og avlaupsnettet. Dei gløymer at tvangstilkoplinga inngår i arbeidet med å førebu Kørelen til offentleg vassverk, hevdar Nøkling.

Sjølvkostprinsippet går i korte trekk ut på at innbyggjarane skal betala det dei offentlege tenestene kostar, og at ingen skal verta pålagte å subsidiera andre tilbod enn dei dei sjølv nyt godt av.

Framtidig vassverk
Delar av Kallestad og Kallestadvik ligg innanfor nedslagsfeltet til den framtidige drikkevasskjelda Kørelen. Når det nye offentlege vassverkt står ferdig, skal det etter planen levera reint drikkevatn til 30.000 innbyggjarar i den nye kommunen.

– Kjem alle til gode
Innbyggjarane i dei to grendene ser verdien av å få redusert eventuelt tilsig av gråvatn frå bustadane i nedslagsfeltet til den framtidige drikkevasskjelda:

– Ei tilknyting av bustadane våre til det offentlege avlaupsnettet vil koma alle til gode. Då vert det feil dersom det er vi som må betala heile rekninga, hevdar Nøkling.

Endra planar
I den vedtekne Kommunedelplanen for vatn og avlaup vart det lagt opp til at det offentlege leidningsnettet på Kallestad og Kallestadvik skulle leggjast i bygdevegen, og at leidningsnettet skulle nå ut til samtlege bustadar. Dei planane er seinare endra.

No vert VA-leidningane i staden lagt gjennom utmarksterreng, mellom anna gjennom Sjoamyra.

Dei nye planane legg også opp til at det offentlege leidningsnettet skal stoppa eit godt stykke unna den noverande busetnaden. Istaden freistar Fjell kommune å påleggja innbyggjarane å kopla seg på, og at innbyggjarane må sjølv dekka kostnaden med å leggja privat leidning over bakketoppar og djupe dalar fram til det offentlege anlegget.

Fordyrande for innbyggjarane
For fleirtalet av innbyggjarane i dei to bygdene inneber dei nye planane ei fleirdobling av kostnadane:

– Hadde vass- og avlaupsleidninga blitt lagt langs vegtraseen, kunne alle ha kopla seg på til ein fornuftig pris, då alle husa her ligg langs vegen, skriv innbyggjarane i ein klage til Fjell kommune.

– FjellVar har gjort ei vurdering av kva arbeidet vil kosta. No brukar dei desse anslaga som grunnlag for å setja opp grenseverdien i dei nye kommunale reglane, slik at vi ikkje skal kunna få dispenasjon på grunnlag av høge kostnadar, hevdar Nøkling.

Fleirtalet av innbyggjarane i dei to bygdene er pensjonistar eller enkjer. Mange av dei vil ha problem med å finansiera ein slik stor ekstrakostnad, hevdar Nøkling.

Les: Fleire søkjer økonomisk rådgjeving

Les: Har du gløymt solidariteten, Justad?

Les: – Dei kan søkja om bustøtte

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s