Fryktar å verta dobbelt snytt av Fjell kommune

Innbyggjarane på Kallestad og Kallestadvik fryktar dei er i ferd med å verta dobbelt snytte av FjellVar og Fjell kommune. Steinen som kunne ha blitt nytta til å laga gang- og sykkelsti langsmed den smale bygdevegen, har i staden blitt dumpa i ei myr.

Eit tusentals lastebillass med stein har blitt dumpa i denne myra i vår, i staden for å koma til nytt i ei kombinert vegutbygging og røyrleidningstrase til Kallestadvik, viser Arthur Ekren.

Ikkje berre legg Fjell kommune opp til at innbyggjarane på Kallestad og i Kallestadvik skal verta tvungne til å punga ut med inntil 250.000 kroner av eiga lomma for tilkopling til offentleg vatn og avlaup. Ei tilkopling dei meinar heile kommunen vil tena på.

Les: Får rekninga for at du skal få reint drikkevatn

Håpa på vegutbetring
Innbyggjarane på Kallestad og Kallestadvik har lenge sett fram til at den smale bygdevegen skal verta utvida med gang- og sykkelveg. No ser det ut til at opprustinga av lokalvegen vert skyve ut i det blå som følgje av at traseen røyrleidningane skal leggjast i er endra.

– Utbetringa av den kommunale vegen vart utsett, og er ikkje aktuell på mange år, grunngjev FjellVar omlegginga av røyrleidningstraseen.

Stein i myra
Istaden har innbyggjarane i Kallestadvik i vår måtta sjå på at eit tusentals tilkøyrte lastebillass med stein som kunne ha gått til oppgradering av vegen, samstundes som ein la ned røyrleidningar for vatn og avlaup, istaden har blitt fyllt ut i Sjoamyra. Der skal steinen danna fundament for røyrleidningstraseen.

– Det er fyllt nok stein i myra til å utvida eit langt stykke av vegen, hevdar Arthur Ekren. Han bur i området og som ristar uforståande på hovudet over kommunen sine prioriteringar.

Når den valte røyrleidningstraseen vert dekka til, vil han ikkje kunna nyttast til ferdsle av verken syklar eller bilar, slik innbyggjarane på Kallestad og Kallestadvik oppfattar det.

Fråvik prinsipp
For å spara pengar skal vass- og avløypsleidningar leggast samstundes med ny gang- og sykkelveg eller fortau, vert det slege fast i Kommunedelplan for vatn og avlaup som vart vedteken av kommunestyret i 2011.

I Kallestad og Kallestadvik har Fjell kommune og FjellVar valt å fråvika prinsippet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s