Frå oljeøkonomi til havøkonomi

Spanande, men og noko skremmande, meinte dei vel 120 personane som deltok på nye Øygarden sitt framtidsseminar.

Tareproduksjon er ein undervurdert industri i norske farvatn.

Ein kommunestyre-periode er altfor kort å planleggja for når ein skal trekkja dei langsiktige strategiske linjene for nye Øygarden. Den nye kommunen bør sjåast i eit 50 – 100-årsperspektiv, kan hende enda lenger, helsa ordførar Børge Haugetun i Øygarden i innleiinga si.

Gode, gamle dagar
– Dei fleste ønskjer nok at framtida vert som i gode, gamle dagar, men verda er ikkje statisk, konstaterer framtidsforskar Claus Kjeldsen frå Institutt for framtidsforsking i København.

Instituttet har utvikla dei fire scenariene som Fjell nyttar for å vurdera kor gode nye tiltak og idear er, opp mot ei framtid vi i dag veit fint lite om.

Les: Kystbyseminar på lukkepillar

Mange ungar fryktar framtida. Korleis kan vi oppdra ungane til å verta trygge, når vi vi ikkje veit korleis framtida deira vil arta seg, spurte Ole Berrefjord.

– Framtida sett med våre auge er spanande som i ingen tidlegare historisk periode. Det er vi som avgjer korvidt to pluss to skal verta fem, eller om svaret skal verta tre, hevda dagleg leiar Ole Berrfjord i SenseNet.

Tvisyn
Skal vi forstå utviklinga vi står midt oppe i, må vi ta tvisynet i bruk: Vi treng eit gartnarblikk med sans for å oppdaga og dyrka fram nye idear, eit skipparblikk som står for navigeringa, og eit regissørblikk som sørgjer for at ting skjer, hevda Berrefjord.

Den erfarne scenarieutviklaren har merka seg at ny teknologi kan koma brått på, som Bybanen. Utviklarane av Bergensscenarier 2004/2005 rakk knapt å få med seg teknologien, før Bybanen var ein realitet.

Ungar fryktar framtida
– Mange ungar veks opp med frykt for framtida. Korleis skal foreldre og lærarar kunna gje dei ein trygg oppvekst når vi ikkje veit kva framtid ungane skal inngå i? spurte Berrefjord.

Bidra til politikkutforming
Dagen var ikkje berre scenarier. Sintef, gjennom Gode Sirklar, var henta inn i forsøk på å gje ”kjøt på beina” til gryande utviklingstrekk, sokalla megatrendar.

– Sintef ønskjer å bidra til debatt og politikkutforming, hevda Unni Steinsmo.

Så ettelot då heller ikkje forskarane nokon tvil om kva retning dei rår oss til å ta:

Sats på havet

Havet som industriell satsing ahr ingen verdi dersom vi ikkje klarar å ta vare på det marine økosystemet, åtvara Unni Steinmo frå Sintef.

Havet er forskingsfronten. Det er der utviklinga og veksten vil koma. Havet er kjelde til nye løysingar. Mange av løysingane på dagens problem finst der, hevda Steinsmo.

Les: Kan Sotrastrilen gjenerobra sjøvegen?

Havet er alt ein viktig del av den industrielle verksemda vår; matproduksjon, medisin produksjon, industriell utvikling, nye arbeidsplassar…

Det norske sjøarealet er seks gongar større enn landarealet. Med våre nasjonale og regionale føresetnadar er det naturleg at vi tek steget frå oljeøkonomi til havøkonomi, råda Steinsmo.

Les: Havbruk utfordra subsea

Ta vare på det marine økosystemet
Men ei havsatsing er ikkje risikofri: Havet som industriområde har ingen verdi om vi ikkje klarar å ta vare på det marine økosystemet. Så langt har klimaforskinga så og seia berre konsentrert seg om endringar på landjorda og i lufta. Korleis klimagassutsleppa påverka livet i havet veit vi svært lite om, hevda Steinsmo.

Les: Havforskar fryktar sur lekse for fiskeri og havbruk

Globale megatrendar vil treffa oss med full tyngde. Korleis dei skal påverka oss, vert derimot delvis opp til oss sjølv.

– Lukka føl dei som er godt førebudde, minna Steinsmo om.

Kort tidsfrist

NIls Røkke er oppteken av grøn energi og bærekraft. Han meinar likevel å kunna sjå ei framtid for norsk naturgass.

Det er langt frå sikkert at vi vil meistra alle utfordringane like godt. Skal vi nå måla i Parisavtalen, og hindra at den globale temperaturen stig med meir enn to grader, har vi berre eitpar tiår på oss før heile utsleppsbudsjettet er brukt opp, hevda Nils Røkke som er direktør for bærekraft.

0-utslepp er eit sjølvsagt mål å strekkja seg etter. Radikal åtferdsendring vil tvinga seg fram på fleire område, ganske raskt. Sidan transport, petroleum og industri står for over 80 prosent av dei norske klimagassutsleppa, er det naturleg å starta der.

Norsk gass
Europa etterspør ny, fornybar energi. Sol og vind vert stadig meir konkurransedyktig, men også norsk gass har ei framtid, ifølgje Røkke.

Den europeiske marknaden vil ikkje vita av klimagassutslepp i samband med energiproduksjon. Difor bør vi selja dei eit produkt dei ikkje stiller spørsmål ved. Norsk gass bør omdannast til hydrogen, i ein prosess der karbonfangst inngår som ein del av produksjonen.

Sjølvkøyrande bilar
Digitalisering og den fjerde industrielle revolusjon vert ofte omtalt som ei av drivkreftene for den pågåande utviklinga. Store mengder data vert samla inn. No er det på tida å nytta datamengdene til å effektivisera næringsliv og offentleg forvaltning.

Ny teknologi vert pusha på oss av ivrige seljarar, til dømes i bilbransjen. Sjølvkøyrande bilar kan redusera talet på menneskeskapte ulukker. Bilane skal køyra lenger på mindre drivstoff, og skal, sjølvsagt, ureina langt mindre enn dagens, ifølgje Terje Moen som forskar på morgondagens transportløysingar.

Skepsis
Ikkje alle seminardeltakarane var like overtydde som Moen. Tanken på køyregleda, men også på dei mange arbeidsplassane som finst i transportsektoren, la ein dempar på entusiasmen hos fleire nettavisa Tunnelsyn snakka med i pausane.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s