Sjå kven som får tippemidlar

Nærmiljøanlegga vart vinnarane i konkurransen om tippemidlane for 2017.  Berre 10 av dei 30 godkjende søknadane i regionen får pengar dette året.

Ein vinnar i konkurransen om midlane. Sotra Arena får utteljing for to av tre søknadar og stikk av med 3,5 millionar kroner i tippemidlar for 2017.

Det er Hordaland fylkeskommune som på vegne av Kulturdepartementet står for godkjenninga av søknadane og fordelinga av midlane. Tirsdag denne veke avgjorde utval for kultur, idrett og regional utvikling kven som får pengar dette året.

Nærmiljøanlegg vart vinnarane
Idrett og fysisk aktivitet skal vera for alle, noko den statlege verkemiddelpolitikken skal spegla.

Nærmiljøanlegg, som opparbeiding av turstiar, er ein av vinnarane i årets konkurranse om tippemidlar.

Nærmiljøanlegg er utandørs anlegg, som turstiar, meint for eigenorganisert aktivitet og som passar for folk i alle aldrar.

Kommunar og lag som søkte om denne typen tiltak vart vinnarane i konkurransen om midlane dette året. Denne typen søknadar fekk innvilga 55,5 prosent av søkandssummen, medan ordinære anlegg berre får 25,6 prosent.

Askøy
I regionen var det berre Askøy som har oppdaga satsinga på nærmiljøanlegg. Dei får heile 4,67 millionar kroner til opparbeiding av ein samanhangane sti frå sør til nord på øya. Berre ein av delsøknadane må venta til seinare år.

Ein av tre
Av dei 30 søknadane frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy var det berre ti som fekk pengar i år. Til saman får idrettsanlegga i dei fire kommunane tildelt 14,1 millionar kroner til opparbeiding av ulike anlegg.

Ventetid
Søknadar som ikkje fekk midlar i år, kan søkja på nytt.

Ordninga med tippemidlar er så populær at Fylkeskommunen reknar med tre års ventetid før eit anlegg kan rekna med å få tilbakebetalt dei økonomiske forskotta.

Konkurranse
Det er ikkje berre på dei mange idrettsanarenanen det vert konkurrert. Også sjølve anlegga må konkurrera – om midlane. Til saman kom det i Hordaland i år inn 396 godkjende søknadar om totalt 452,6 millionar kroner. 124,3 millionar kroner vart fordelt.

Sund Strands skule, fleirbrukshall 2000000
Televåg stadion, kunstgrasbane
Skogsvåg stadion, nytt klubbhus
2000000
Fjell Sartor Sportskyttarlag, elektroniske skiver 820000
Sotra Sportsklubb, Sotrabanen, Straume Idrettspark 2500000
Sotra Sportsklubb, fotballgarderobe, Straume Idrettspark 1000000
Sotra Sportsklubb, fotballhall
Skålvik idrettsplas, fotballbane
Ågotnes idrettsanlegg, rehab. Kunstgras
Hissøyna friluftsområde, oppgradering av padle- og bryggeanlegg
4320000
Askøy Follese FK, kunstgrasbane4, Skogen fotballpark 2875000
Nordsiden IL, klubbhus Træet idrettsbane
Hetlevik IL, Klubbhus 871000
Siglingavatnet Sørestien 933000
Askøy Fotballklubb, bane 1 og 2 Bergheim
Hetlevik IL, rehab botballbane
Kleppestø barneskole, idrettshall,
Tveit skole, idrettshall
Siglingavatnet Sørestien, del 2 1024000
Siglingavatnet, Nordrestilen, del 1080000
Siglingavatnet, Nordrestilen, del 2 1030000
Siglingavatnet, Nordrestilen, del 3
7813000
Øygarden Rong stadion, nytt kunstgras
Hjeltefjorden arena, fleirbrukshall
Hjelrtefjorden arena, klatrerom
Toftøy idrettshus
Toftøy kunstgrasbane
Toftøy, delanlegg friidrett
Toftøy idrettshus, garderobar
 Totalt 14133000

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s