Helgeturen: Idlefjell

Har du nokon gong late deg fascinera over korleis kystlandskapet endrar seg med lyset? Ein kveldstur til Idlefjell på Algrøy er ein fin anledning til studera fenomenet.

Frå toppen av Idlefjell har du fri utsikt over solnedgangen over Nordsjøen. Masta på toppen er synleg på lang avstand og til god hjelp for orienteringa.

Nettavisa Tunnelsyn har tidlegare rosa det aktive bygdalaget på Algrøy for innsatsen med å opparbeida og merka dei mange turstiane på øya. Denne gongen har vi teke turen langs den raude løypa for å nyta solnedgangen på Idlefjell.

Les: Smalaneset og Havmannen

Få andre turstiar på Sotra kan matcha dei oppbygde gangbruene bygdalaget på Algrøy har laga over blautamyrene undervegs mot Idlefjell. Inspirasjon for nærmiljøanlegg andre stadar?

Få, om nokon, turstiar på Sotra kan matcha dei oppbygde bruene bygdalaget har laga over nokre av dei våtaste blautamyrene undervegs mot Idlefjell.

Inspriasjon til nærmiljøanlegg andre stadar?

Les: Sjå kven som får tippemidlar

Sotralandskapet kan også vera trongt og smalt.

Ruta til Idlefjell går gjennom småkupert kystlandskap. Ta av til venstre frå Nordre øyavegen og inn på Storvegen. Køyr vegen heilt til endes.

Denne vegvisaren ventar ved enden av Storvegen. Storagrinda er eit fint utgangspunkt også for andre fine turar i det fantastiske kystlandskapet.

 

Største høgde er 78 meter. Dei kring fem kilometrane kan tilbakeleggjast på 2- 3 timar, alt etter kor fort du går og kor travelt du har det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s