Kommentar: Straffegebyr til bygdene

Grådigheten vann i gebyrsaka i Fjell. Dei som er så heldige å bu i bygdene, eller har stor tomt, med stor avstand til det offentlege VA-nettet, skal straffast.

Vedtaket om kva private ekstrakostnadar som kan aksepterast før Fjell kommune vil tillata alternative VA-løysingar, vert i realiteten eit straffegebyr for innbyggjarar i bygdene, og dei med store tomtar. Her fv. Ingrid Nøkling, Vigdis Ekren, Inge Lise Kausland, Sonja Ekren og Arthur Ekren i Kallestad.

Fjell er ein av dei kommunane i landet med offentlege gebyr over snittet. No trur det politiske fleirtalet i Høgre, Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti, Venstre og Miljøpartiet at tvangstilkopling for innbyggjarar i bygdene skal bidra til å kutta så det monnar i deira eigne VA-gebyr.

Les: Tviheld på tvangstilkoplig til VA-nettet

Vedtaket i kommunestyret i går legg opp til eit tvunge offentleg – privat samarbeid om finansiering av offentleg infrastruktur for VA-anlegg. Ei ordning som inneber at Fjell kommune både definerer premissa og står som ansvarleg for handhevinga.

Minstegrense
Vedtaket fastset ei minstegrense for kva private tilleggskostnadar som skal kunna koma på toppen av den offentlege tilknytingsavgifta. Berre dersom det vil kosta meir enn 250.000 kroner å leggja privat røyrleiding frå ein bustad og fram til den offentlege infrastrukturen, skal ein kunna søkja om dispensasjon for alternative løysingar.

Les: Vil heva tvangstilkoplingskostnaden med 275 prosent

Alternativkostnad
Beløpsgrensa er sett ut frå antakingar om kva alternative løysingar vil kosta.

Det politikarane gløymer, er at alternativkostnaden for svært mange av dei som nå vil få pålegg om tvangstilknyting, er null. Dei bur i hus med godkjende anlegg, og har i henhald til Forureiningslova ikkje behov for noko anna løysing enn den dei alt har.

Eit krav om tvangstilkopling vert i realiteten eit straffegebyr for dei som er så heldige å bu i bygdene, eller å ha stor tomt, med lang avstand til den offentlege infrastrukturen.

Vedtaket er usosialt. Politikarane overser at det privilegiet å ha godt med plass rundt seg, ikkje er einsbetydande verken med å ha høg inntekt, eller god økonomi.

Les: Får rekninga for at fjellsokningane skal få reint drikkevatn

Konsekvens av urbaniseringa
Flest mogeleg av innbyggjarane i Fjell skal tvingast til å vera med på å betala ned dei store kommunale investeringane i offentleg vatn og avlaup. Eit investering som er ein direkte konsekvens av urbaniseringa i Straumeområdet. Det er etterkvart blitt så mange innbyggjarar på Litle Sotra at dei samla utsleppa utløyser EU sine krav om sekundærreinsing av avlaupsvatn.

Dei færraste bygdene i Fjell har avlaup som bidreg til å byggja opp under EU-kravet.

Mindretalet
Berre Sotralista, Framstegspartiet og Senterpartiet stemte mot å innføra ei minstegrense for kva private ekstrakostnadar som skal kunna aksepterast. Deira åtte representantar i kommunestyret ville setja ei øvre grense ved 150.000 kroner, kommunalt søknadsgebyr og tilkoplingskostnadar medrekna.

3 Comments

  1. Tragisk at vi ikke fikk flertall i Kommunestyret i går.
    Det er neppe alle som har kr. 250.000,- liggende i skuffen.
    Fremskrittspartiet fikk med Sotralista og Senterpartiet på vårt forslag om kr 150.000,- inkludert alle tilleggskostnader (søknad om graving, grøftearbeider, rørleggerarbeid og tilkoblingsavgift)

    Likar

    1. Opplevde at det var svært mange som var opprørt i denne saka, og at vi snakka godt saman. Tenkjer Tunnelsyn spela ei viktig rolle i å synleggjera egoismen og hensynsløysa som ligg bak argumenta til posisjonen, og då særleg Arbeidarpartiet.

      Likar

      1. Klokt av Høgre å overlata til Arbeidarpartiet å føra ordet i ei kontroversiell sak som dette! Arbeidarpartiet opptrer som Sartorsjefen sine handlangarar. Slik klarar han å kamuflera kostnaden med byutviklinga, og skyva gjelda over på innbyggjarane, utan at fleirtalet skjønar kva som skjer. Skikkeleg smarting den karen!

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s