Må arbeida for trygda

Uvanleg mange Øygardsstrilar i alderen 18 – 30 år er avhengig av sosialtrygd for å overleva. No vil kommunen at dei heller skal arbeida for pengane.

Illustrasjonsfoto. Basecamp på Straume er eit av tilboda der kan vera aktuelt å påleggja unge sosialhjelpsmottakarar frå Øygarden å delta. Personane på biletet har ingenting med saka å gjera.

Frå siste årsskifte vart det innført lovpålagt arbeidsplikt for mottakarar av sosialhjelp i alderen 18 – 30 år.

Høg andel
I Øygarden er heile 151 personar, eller åtte prosent av innbyggjarane, avhengig av sosiale ytingar frå NAV for å overleva. Det er meir enn dobbelt så mange som i resten av landet.

Tredelen av mottakarane er under 30 år, ifølgje saksinnstillinga til kommunestyret denne veka. Fleire av dei har tilleggsproblem, som rusmisbruk, psykiske lidingar eller livsstilssjukdomar som overvekt og diabetes.

Sosialhjelpa utgjer ein vesentleg del av kommunebudsjettet, heile 8,36 millionar kroner.

Les: Stadig fleire strilar avhengig av sosial stønad

Få tilbod
16 av dei unge sosialhjelpsmottakarane i kommunen er pålagt krav om å vera i aktivitet, men tilboda er få, og langt frå alle lever opp til NAV sine forventningar.

No ønskjer kommunen å snu den negative utviklingstendensen, og hindra at stadig fleire unge vert varig utestengde frå arbeidslivet.

Hindra varig utestenging
Dei tilsette ved NAV i dag har ikkje kapasitet til å følgja opp kravet om aktivitetsplikt.

Tidlegare erfaringar frå tilsvarande prosjekt er likevel så positive at kommunen treng tilsetja ein prosjektleiar som kan ta tak i utfordringane.

Eigna arbeidsoppgåver
Vedkomande skal mellom anna identifisera og inngå avtalar om tiltaksplassar i privat næringsliv. Prosjektleiaren skal også finna eigna kommunale arbeidsoppgåver, til dømes innan vedlikehald og omsorg, i tillegg til å vera arbeidsleiar for dei 10-tals deltakarane i prosjektet.

Prosjektleiar på trygd
Prosjektleiaren skal rekrutterast frå dei mange arbeidslause i kommunen med relevant bakgrunn. Den toårige prosjektstillinga skal dels finansierast med lønstilskot frå NAV.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s