Skulane må ta støyten

Skulane ligg lettast til for kutt når Øygarden må kutta 20 millionar kroner i dei årlege driftsutgiftene fram mot 2020. Dei siste åtte millionane er vanskelege å finna, trass i at rådmannen har kartlagt kvar meirforbruket ligg.

Ein spesiell aldersmessig profil, me usedvanleg mange ungar og eldre over 90 år, gjev Øygarden særlege utfordringar med å kutta 20 millionar i det årlege driftsbudsjettet.

Ein gjennomgang av kommuneøkonomien i Øygarden viser at behovet for årlege innsparingar aukar frå 15 til 20 millionar kroner.

Les: Sliper KOSTRA-kniven

Å kutta dei årlege driftsutgiftene med 12 millionar kroner bør kunna skje utan større problem. Kvar dei siste åtte millionane skal hentast, vert det derimot vanskelegare å avgjera, ifølgje tilrådinga frå rådmann Siri Fahlvik Pettersen framfor kommunestyremøtet førstkomande onsdag.

Heftige innvendingar

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen har nedjustert den eksterne KOSTRA-samanlikninga over potensielle innsparingar frå 56 til 38 millionar. Foto: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.

Kutt i ein slik storleik, i ein kommuneøkonomi med samla driftsutgifter på vel 500 millionar, vil ikkje skje utan protestar. Både fagorganisasjonane og politikarane har kome med heftige innvendingar.

Les: Feil område å kutta – SV med alternativt budsjett

Les: Treng meir tid til KOSTRA-kutt

Over gjennomsnittet
Dei frie inntektene per innbyggjar i Øygarden utgjer 82.000 kroner, heile 28.000 kroner over snittet i Kommune-Norge, takka vere eigedomsskatten frå petroleumsinstallasjonane.

Realtivt få innbyggjarar og ei særeigen alderssamansetjing med uvanleg mange ungar og eldre over 90 år, tilseier at driftskostnadane vil liggja 7,6 prosent over det nasjonale snittet.

Skular, barnehagar og sosialtenesta

Aud Karin Oen (SV) meinar skular, barnehagar og helsetenester er feil område å kutta.

Rådmannen kjenner organisasjonen sin, og har identifisert potensielle innsparingar på 38,9 millionar kroner. Største kuttet, heile 14 millionar kroner, bør hentast frå grunnskulen. Innsparinga vil særleg merkast i form av redusert bemanning, færre klassar og færre lærartimar per elev.

Barnehagar og sosialtenesta toler ein utgiftsreduksjon på 8,4. Pleie og omsorg, og kommunehelsetenesta, må også tola kutt i storleik 4 – 4,5 millionar kroner.

Nedjustert anslag
Rådmannen si tilråding er eit nedjustert anslag. I følgje ei ekstern samanlikning med dei nasjonale KOSTRA-tala, har Øygarden eit samla innsparingspotensiale på heile 56,9 millionar. Dei største kutta, til saman 40,4 millionar, bør gjennomførast innan skular, barnehagar og sosialtenesta, tilrår den innleigde konsulenten.

God økonomi
Eit inntektsnivå godt over det ”normale” i Kommune-Norge har til no gjeve Øygardsstrilane meir pengar å fordela på lovpålagte oppgåver. Som ledd i førebuingane til den føreståande kommunesamanslåinga, må utgiftsnivået ned på nivå med andre kommunar på tilsvarande storleik og i tilsvarande inntektssituasjon, i følgje KOSTRA.

Kapitalutgifter
Oppjusteringa av dei årlege kostnadskutta med fem millionar kroner har bakgrunn mellom anna i det heftige investeringsprogrammet der Hjeltefjorden Arnea er største posten. Øygarden har god bruk for dei innsparte midlane til å dekkja auka kapitalutgifter til renter og avdrag, ifølgje Fahlvik Pettersen.

Les: Investerer 100.000 per hovud

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s