Arbeidsinnvandringa tørkar inn – folkeveksten flatar ut

SSB sine ferskaste tal for folketalsutvikling i kommunane vest for Bergen er lite oppmuntrande lesnad for dei som planlegg for storsal av nye bustadar.

Den årlege veksten i folketalet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy for 2010 – 2017. 2017-tala omfattar berre 1. kvartal, men gjev likevel ein indikasjon for utviklinga resten av året. Både Sund og Øygarden hadde negativ folkevekst dei tre første månadane i år.

Tunnelsyn har lenge stilt spørsmål ved dei kraftig oppjekka prognosene for folketalsvekst i Bergensområdet.

Les: Prognosemakeri

Les: Norgeshistoriens mest kostbare marknadsplan

SSb sine tal for folketalsutviklinga dei tre første månadane i år held fram den negative utviklinga for fjoråret, og bekreftar at skepsisen hadde noko for seg.

Les: Askøy dreg frå i folketal

Negativ folkevekst
Totalt auka folketalet i regionen med 164 personar dei tre første månadane i år, mot 992 i heile fjor.

Både Sund og Øygarden hadde negativ folkevekst i første kvartal. I Fjell og Askøy var folkeveksten beskjeden, samanlikna med dei seinaste åra.

Bustadbehov
Folkevekst vert rekna ut frå to tilhøve; fødselsoverskot og netto innflytting. Berre tilflyttarar har behov for bustad. Slik sett gjekk utviklinga i rett retning for Fjell og Askøy, sjølv om statistikken ikkje seier noko om talet på nye husstandar i kommunane.

Per dags dato er 310 nye bustadar til sals, berre i Fjell. Om vi antek at kvar nye husstand som flyttar hit i snitt inneheld to personar, vil det med dagens marknadstilbod ta nærare tre år før alle er selde – føresett at det ikkje kjem ein einaste ny bustad til på marknaden i mellomtida.

Innanlands
Hovudtyngda av innflyttinga no kjem frå andre kommunar i Norge. Lite flytting over landegrensa viser at Bergensområdet ikkje lenger vert oppfatta som særleg attraktivt for arbeidssøkjarar frå utlandet. Dei som flyttar vel i stor grad også å dra til andre kommunar i Norge, framfor å flytta tilbake til dei landa dei kom frå.

Sund
I Sund var det i dei tre første månadane i år fleire som døydde enn som vart fødd. Saman med ei netto utflytting, innebar det at det var 14 færre sundsokningar 31. mars enn det var nyttårsafta.

Fødselsoverskot i Øygarden
Mange nyfødde sikra fødselsoverskot i Øygarden. Ungane var likevel ikkje mange nok til å vega opp for alle dei som valte å pakka flyttelasset og forlata kommunen.

Ved utgangen av mars hadde Øygarden 14 færre innbyggjarar enn ved årsskiftet.

Knapt fleirtal
I Fjell auka folketalet med 105 personar, eit knapt fleirtal av dei var tilflyttarar.

Også i Askøy bidrog nyfødde og tilflyttarar om lag like mykje til folkeveksten. Totalt fekk kommunen 87 nye innbyggjarar i første kvartal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s