Roseparkar verd ein stopp

Planar om å køyra bil gjennom Tyskland i sommar? Vit at det finst eit 20-tals fargerike, velduftane unnskyldningar til ein stopp undervegs.

Fargeprakt i mai; Nostalgi, Chippendale og Fresia.

Tyskland er meir enn autobahn. Det er fort gjort å fara forbi, men eit 20-tals tyske rosenparkar er opne og ventar på lidenskaplege roseelskarar no i sommarmånadane.

Rosenpark Dräger i Steinfurth i Bad Nauheim, like ved A7, eit stykke nord for Frankfürth, er ein av dei.

Mange stopp

Ei oppstamma Dukat i ein fint ordna parterrehage der 10.000 vis av knoppar ventar på å falda seg ut. Største roseprakta er venta i juni/juli.

 

Rosemuseum
Roser er meir enn farge og duft. Dei er symbol på venleik, lidenskap, kjærleik og business…

I Steinfurth ligg planteskulane på rekkje og rad. To millionar rosebuskar vert årleg dyrka fram og selde til eit roseelskande publikum, ifølgje dr. Jutta Pauli som er den imøtekomande og kunnskapsrike leiaren for det lokale rosemuseet.

150 år med roser

Inntekektene frå rosedyrkinga var det som skulle til for å heva bøndene frå overleving til velstand, hevdar dr. Jutta Pauli, leiar for rosemuseeti Steinfurth.

Steinfurth hevdar å vera den eldste rosenbyen i Tyskland. Dei har dyrka roser kommersielt her heilt sidan Heinreich Schultheis i 1868 kom tilbake frå England der han hadde lært seg okuleringsteknikken. Snart var det fleire i landsbyen som meistra rosedyrkinga sin finmekanikk, ifølgje Pauli.

Les: Lag dine eigne roser

Velstand
Rosemuseet i Steinfurth er vel verd eit besøk i seg sjølv. Institusjonen formidlar rosehistorien, gjev innblikk i rosedyrkarane sin kvardag og i den økonomiske betydninga som rosedyrkinga har hatt for Steinfurth.

– Rosedyrking gav bøndene den ekstra inntekta som skulle til for at dei skulle ta steget frå overleving til velstand, hevdar Pauli.

Rosedyrkinga demma opp for utflyttinga til Amerika, hevdar Sabine Kübler i doktoravhandlinga si.

150 år med roser er like lenge som dei har drive på i Lyon. Der har dei imidlertid ei langt breiare tilnærming til rosedyrking.

Les: Der roser er gull

Roser krev stell. I Rosenpark Dräger talte eg fem gartnarar, i tillegg til salspersonalet.

Stadig større del av produksjonen går til private. Roser krev stell. Offentlege institusjonar ser seg i stadig mindre grad råd til kostnadane det inneber å ha gartnarar som kan halde rosebeda i ein slik stand dei fortenar. Resultatet er at produksjonen av roser i Steinfurth er blitt halvert på få år, beklagar Pauli.

Parterre-hage
I Rosenpark Dräger ventar uansett kring 4000 salsklare roser i 100-vis av ulike sortar på å verta planta i ein hage nær deg, hadde det ikkje vore for forbodet mot å importera plantar med mold på rota…

Eyeconic – vakker og velduftande… er det rart vi elskar roser?

Rosene toler uansett å verta beundra der dei står. Eit breidt utval frå David Austen høyrer med i utvalet. Her er også mange verdskjende roser, mellom anna frå Kordes og Meillard. I påvente av at dei skal verta klare for sal, er dei planta ut i store bed i ein fint oppbygd gammaldags parterre-hage.

Oppstamma roser er det som dominerer i slutten av mai.

I slutten av mai er det dei oppstamma rosene som dominerer. Klatrerosene, stilkrosene og buskrosene står fulle i knoppar – eit varsel om at her vil det vera noko å beundra dei komande månadane.

Her finn du ein oversikt over tyske rosehagar

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s