Stønadskutt trugar fastlandssambandet til Lerøy og Bjelkarøy

Det hastar med å få avgarde ein søknad om ferjeavløysingsmidlar for brusambandet frå Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad. Om søknaden ikkje vert sendt i år, risikerer øybuane at kutt i statstilskotet set planane om eit fastlandssamband i fare.

Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP) var med på å utvida ordninga med ferjeavsløysingsmidlar til også å omfatta fylkesvegnettet. No vil han kutta i støtta til fastlandssamband frå Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad. Her var han på synfaring i vinter.

Dei fastbuande på Lerøy og Bjelkarøy i Sund har lenge arbeidd for å få bru og veg over til Hjellestad. Då Regjeringa for to år sidan utvida ordninga med ferjeavløysingsmidlar til også å omfatta fylkesvegnettet, fekk øybuane styrka håpet.

Les: Ferjeavløysingsmidlar kan gje 600 millionar til fastlandssamband

Lokalsamfunn som ønskjer å erstatta båt- og ferjeruter med bru og veg skal få statleg tilskot tilsvarande den summen staten må ut med for å drifta ferjesambandet i 40 år, ifølgje reglane.

Med dagens ordning er bygginga av eit fastlandssamband frå Lerøy via Bjelkarøy til Hjellestad sikra eit statleg tilskot på inntil 600 millionar kroner.

Bergen ein bremsekloss
Skuffande lite har likevel skjedd i desse to åra, sett med øybuane sine auge. Reguleringsplanen i Sund er klar, men strekkja som omfattar brua over Åleknappsundet til Hjellestad og vegen vidare til Grimseid manglar.

I Sund skuldar dei på manglande kommunikasjon med Bergen, og særleg byråd Anna Elisa Tryti.

Les: Manglar 83 meter bru

– Sats no!

Vert søknaden om ferjeavløysingsmidlar sendt i år, vil ein kunna låsa det statlege stønadsbeløpet til dagens nivå, hevdar Ove Trellevik, stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Sund.

– Skal ferjesambandet oppretthalda nivået på ferjeavløysingsmidlar og låsa det på dagens nivå, så må dei søkja om ferjeavløysing i år, skriv stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Sund, Ove Trellevik, i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Sats no! Det gunstigaste er å koma inn i ordninga med ferjeavløysingsmidlar tidleg, medan ordninga enno er god, råda stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP) øybuane då han tidlegare i vinter var på synfaring saman med statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nye tilskotsreglar
Hastverket skuldast den blåblå regjeringa sine planar om å endra regelverket for driftstilskot til dei kring 200 ferjesambanda som inngår i det norske vegnettet.

Ferjesambanda har til no fått eit fast årleg driftstilskot frå staten på 19,2 millionar kroner. No planlegg regjeringa å leggja om ordninga, slik at driftsstøtta skal koma meir i samsvar med dei faktiske kostnadane på dei einskilde sambanda, seier Njåstad.

Driftstilskotet skal heretter reknast ut mellom anna på grunnlag av lengda på sambandet, type farvatn og tal på passasjerar.

Mindre pengar
Omlegginga vil svekka inntektsgrunnlaget for ferja frå Klokkarvik via Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad, medan lange samband med mange passasjerar vil koma styrka ut, har nettavisa Tunnelsyn fått bekrefta.

– Det vert mindre pengar til Klokkarvik – Lerøy, Bjelkarøy – Hjellestad, skriv Ove Trellevik i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Nett kor mange millionar det er snakk om i redusert tilskot for vårt lokale ferjesamband, har Tunnelsyn ikkje klart å få bekrefta. I Kommunal og moderniseringsdepartementet som er ansvarleg for omlegginga av reglane, ønskjer dei ikkje å gå ut med summar for korleis omlegginga vil påverka tilskotet til dei einskilde sambanda.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s