Tek opplevinga eitt steg lenger

Dale Oen Experience hadde henta miljøvernminister Vidar Helgesen til Sotra og Ran seilforening på Anglevik for å døypa den nye seglskuta #Youexplore.

Miljøvernminister Vidar Helgesen døyper seglskuta ved å knusa ei isblokk mot skutesida. Den tradisjonelle sjampanjedåpen ville ha vore feil, då det ville ha ført til glasskår på sjøbotn.

Den nær 15 meter lange seglskuta er bygd for ekstreme opplevingar, og ei av svært få i sitt slag her til lands. Med ekstra forsterka skrog skal dei 12 passasjerane kunne sigla i isfylte farvatn, ifølgje Dan Skjoldal i Dale Oen Experience.

Svalbard

«Youexplore er nær 15 meter lang, 4,8 meter brei, og skal ha køyeplass til 12. Skroget er forsterka til å tola sigling i isfylte farvatn.

Svalbard vert målet for første langturen, seinare i sommar. Skuta skal nyttast i samband med #Youexplore. Eit samarbeids- og forskingsprosjekt for elevar på ungdomsskulen som er interessert i sjø- og havrelaterte aktivitetar.

Utnytt mulighetane i havet
– Havet rommar mange mulighetar. Difor er det så viktig å få fram fleire ungdommar som engasjerer seg i å utnytta desse mulighetane, rosa miljøvernminister Vidar Helgesen tiltaket før han døypte skuta ved å knusa ei isblokk mot skutesida.

Privat gåve

Styreleiarane Roald Sjo og Marianne Thunes er fylte av forventing til bruken av den nye skuta.

Dale Oen Experience er bygd kring frivillig innsats. Det er Robin og Vibeke Dale Oen privat som har finansiert skuta og stilt henne til disposisjon for stiftinga.

Etterkvart som skuta vert engasjert i inntektsbringande aktivitetar, er det meininga at stiftinga skal ta over eigarskapet, fortel styreleiar Roald Sjo i driftsselskapet Dale Oen Experience.

Saman med styreleiar Marianne Thunes i stiftinga Dale Oen Experience, har Sjo ansvar for å byggja opp ein struktur rundt stiftinga sine mange ulike aktivitetar for barn og unge.

Just do it!

Dan Skjoldal orienterer miljøvernminister Vidar Helgesen om Dale Oen experience og #Youexplore.

Innkjøpet av seglskuta er i samsvar med Alexander Dale Oen sin vinnarfilosofi: Just do it! Eit slagord Dale Oen Experience har valt å vidareføra.

– Vi ønska å snu Alexander Dale Oen sin tragiske bortgang til noko positivt. Vidareføra dei verdiane han stod for, seier Skjoldal.

Vidareføra verdiar
Alexander Dale Oen var oppteken av å hjelpa unge opp og fram. Sjølv om han var ein toppidrettsutøvar, hadde han ikkje noko egoistisk fokus på eigne prestasjonar. Han trudde at alt er mogeleg, berre vi har tru på oss sjølv. Vi må oppmuntra kvarandre til å ta det vesle ekstra steget du kan hende ikkje hadde trudd du skulle klara, utdjupar Skjoldal.

Forska på plast
Første #Youexplore-prosjektet vart gjennomført i vår av 60 elevar på 8., 9. og 10. klassetrinnet ved Fjell ungdomsskule. Tiltaket var eit tverrfagleg samarbeid mellom elevar på dei tre valfaga natur, miljø og friluftsliv, forsking i praksis og teknologi i praksis.

Innsamling og kartlegging av mikroplast på 17 ulike lokalitetar i Gulen kommune var tema for forskinga

Planar om internasjonalisering
Dale Oen-stiftinga jobbar no med å selja konseptet – og læra vekk verdiane bak det – til andre land. I første omgang er både USA og Russland aktuelle, ifølgje Skjoldal.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s