Gjestekommentar: Alle barn fortenar ein god skule

Barn som ikkje trivst, lærer ikkje. Barnet som går glipp av læring i tidleg alder, har vanskelegare for å ta det igjen seinare.

Av: Terje Breivik, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre i Hordaland

Venstre og Terje Breivik lovar å gje lærarane eit statusløft. Foto: Elias Dahlen

Nest etter foreldra er det læraren som bidreg mest til å forma barnet som menneske. Læraren er viktigast når det kjem tiltrivsel og læring i skulen. Det er læraren som skal forma haldningar og gje kvar enkelt elev kunnskap for å lukkast i livet.

Venstre lanserar no Lærarløftet 2.0. Me vil gje lærarane eit nytt statusløft. Difor føreslår me tre konkrete ting:
– høgare lønn
– betre vidareutdanning
– at lærartittelen blir ein beskytta tittel

I tillegg vil me arbeida for mindre byråkrati i skulen og meir tid til kvar enkelt elev.

For oss er dette fortsetjinga på det store krafttaket som har vore gjennomført for ein betre skule dei siste fire åra.
Kvaliteten på læraren er ein av dei aller viktigaste faktorane for læringa til barnet. Ny forsking visar òg at eit nært forhold til læraren kan hindra tidleg fråfall, og ha betyding for den psykiske helsa vidare i livet.

Å satsa på lærarane er å satsa på den gode skulen som barnet fortenar, og som gjer moglegheit for læring, trivsel og utvikling. Ei satsing på skulen er å vera på lag med framtida.

Me har ikkje nok lærarar i Noreg i dag, og me vil trenga fleire i morgon. Mange norske klasserom manglar tilsette med formell pedagogisk og fagleg kompetanse. Det vil igjen seia at elevane stillar ulikt seinare i livet, enten i overgang til neste skuleløp, eller når dei skal ut i jobb. Det er ikkje rettferdig. Skulen skal gje like moglegheiter til alle. Det har vore Venstre sitt mål sidan vi innførte folkeskulen i 1889.
Å vera lærar er eit stort ansvar. Det er lærarane som skal byggje neste generasjon. Det er dei som skal kjempa mot auka ulikskap, klimakrise, populisme og skepsis til kunnskap. Venstre set barnet først. Det gjer me best ved å satsa på læraren. For med lærarar skal landet byggjast – slik me har lukkast med i generasjonar, og som me òg må lukkast med i framtida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s