Sundordføraren ser fleire hindre for ferjeavløysing

Sundordførar Kari-Anne Landro (H) ser fleire hindre som må overvinnast før ein eventuell søknad om ferjeavløysingsmidlar for fastlandssamband til Lerøy og Bjelkarøy kan sendast.

Øybuane på Lerøy og Bjelkarøy lever i håpet om at eit fastlandssamband skal avløysa Sundferja.

Øybuane på Lerøy og Bjelkarøy i Sund har lenge venta på eit brusamband over mot Hjellestad i Bergen til avløysing for Sundferja.

Les: Stønadskutt trugar fastlandssamband til Lerøy og Bjelkarøy

Ein ting er den uavklarte situasjonen med Bergen kommune når det gjeld reguleringa av brua frå Bjelkarøy over Åleknappsundet til Hjellestad og vegen vidare til Grimseid. Landro har framleis ikkje klart å få til noko møte med ansvarleg byråd Anna Elisa Tryti i Bergen, etter det Sund-ordføraren fortel til nettavisa Tunnelsyn.

Les: Manglar 83 meter bru

Regional Transportplan for Hordaland

Sund-ordførar Kari-Anne Landro jobbar for å få fastlandssambandet inn i Regional Transportplan for Hordaland. Planen skal sluttbehandlast i Hordland fylkesting 13. og 14. juni.

Viktigaste snublesteinen er likevel at eit brusamband til erstatning for dagens ferje ikkje er nemnt i Hordaland fylkeskommune sitt framlegg til Regional Transportplan for 2018 – 2029.

– Vi kan ikkje søkja om ferjeavløysingsmidlar for eit samband som ikkje er med i Regional Transportplan, seier Landro.

Har sendt merknad
Fastlandssambandet er likevel med i Sund kommune sin merknad til planen som skal sluttbehandlast i Fylkestinget 13. og 14. juni i år.

– Fastlandssambandet Lerøy, Bjelkarøy, Hjellestad må omtalast som eit aktuelt ferjeavløysingsprosjekt, skreiv Sund kommune i høyringsinnspelet då planen var ute på høyring tidlegare i år.

– Sambandet har vore omtalt i tidlegare transportplanar og det er alt nytta vesentlege planressursar på sambandet, skriv Sund kommune i høyringsinnspelet.

Ein av sju
Drifta av ferjesambandet frå Klokkarvik til Lerøy og Bjelkarøy og vidare til Hjellestad er ein av sju ferjeavtalar i fylkeskommunal regi i Hordaland.

Etter det nettavisa Tunnelsyn har fått opplyst, er sambandet eitt av fire ferjesamband i fylket som kan vera aktuelle for bruk av ferjeavløysingsmidlar. Så langt er kabelferja Masfjordnes – Duesund er einaste ferjesambandet som Fylkestinget har vedteke skal vurderast realisert som eit eige ferjeavløysingstiltak, ifølgje framlegget til Regional Transportplan.

Nytt utrekningsgrunnlag
At utrekningsgrunnlaget for ferjedrifta vil verta endra, er det ingen tvil om. Korleis det vil slå ut for ferjeavløysingsmidlar, er det førebels ingen som kan seia noko konkret om.

Sund-ordføraren avviser at det er nokon automatikk i at endra statstilskot til ferjedrifta vil føra til mindre pengar til ferjeavløysingsmidlar.

– Ferjeavløysingsmidlane vil verta vurdert i forhald til fleire aktuelle ferjesamband når berekningsgrunnlaget for ferjedrifta endeleg er fastsett, skriv seksjonsleiar Thorbjørn Aarethun i samferdsleavdelinga i Hordaland fylke i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s