Vurderer Bjelland-varsel om mogeleg korrupsjon

Frank Bjelland er så frustrert over måten Fjell kommune har behandla oppmålinga av tomten hans at han varsla om mogeleg korrupsjon. No vil kommunen vurdera alvoret i varselet.

Fjell kommune har eit eige sekretariat som behandlar varslingssaker.

Politisk arbeidsutval (PAU) i Fjell tok på møtet 23. mai opp Frank Bjelland sitt varsel om mogeleg korrupsjon og kameraderi mot fleire tilsette i kommunen.

Varsla om mogeleg korrupsjon
Frank Bjelland har kjempa ein mangeårig kamp mot Fjell kommune for å få retta opp det han meinar er ein feil kommunen har gjort i oppmåling av bustadtomta hans på Anglevik.

I håp om å få til ei løysing har Bjelland til tider tydd til desperate verkemiddel.

Les: Stengde kritisk nettside – søkjer medlemskap i Transperency International

Tidlegare denne månaden varsla han om mogeleg korrupsjon og kameraderi utført av fleire tilsette i Fjell kommune.

Politisk arbeidsutval
Politisk arbeidsutval (PAU) har ikkje fullmakt til å avgjera politiske saker, ifølgje heimesidene til Fjell kommune.

PAU set den politiske dagsorden og fordeler arbeidsoppgåvene til komiteane. Utvalet er sett saman av ordførar, varaordførar og dei to komiteleiarane.

Utanom dagsorden

Politisk arbeidsutval i Fjell behandla varslinga frå Frank Bjelland 23. mai, bekreftar rådmann Steinar Nesse. Kvifor saka ikkje vert nemnt i referatet frå møtet, unnlet han å svara på.

Saka stod ikkje oppført på dagsorden til møtet 23. mai. Det framkjem heller ikkje av referatet at varslinga vart behandla.

Etter direkte henvending frå nettavisa Tunnelsyn bekreftar likevel rådmann Steinar Nesse at den etterkvart svært så betente saka var eit tema på møtet:

– PAU handsama Bjelland-saka kun i lys av ei varsling om mogeleg korrupsjon mv som Bjelland sendte kommunen. Rådmannen gjorde greie for vanleg prosedyre i varslingssaker i Fjell og at desse vert følgt også i denne saka, skriv rådmann Steinar Nesse i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.

Spørsmålet om kvifor saka ikkje er nemnt i referatet, svarar Nesse ikkje på.

Behandla av eige sekretariat
Fjell kommune har eit eige sekretariat som vurderer varsel. Sekretariatet vil levera ei innstilling til rådmannen, som i neste omgang vil vurdera eventuelle tiltak. Hadde rådmannen vore den varselet omhandla, skulle Kontrollutvalet ha behandla varselet, skriv rådmannen i eposten.

Spørsmål om kven medlemmane i sekretariatet er, svarar rådmannen ikkje på. Han skriv berre at sekretariatet er sett saman av ”særs røynde medarbeidarar”.

Får ikkje ny oppmåing
Det at varslinga om mogeleg korrupsjon no skal vurderast, inneber ikkje automatisk at Bjelland vil få behandla oppmålinga av tomten på nytt.

– Utvalet opna ikkje for ny handsaming av sjølve oppmålingssaka, skriv rådmann Steinar Nesse i eposten til nettavisa Tunnelsyn.

Må ta på alvor
Frank Bjelland har likevel god tru på at ei ny oppmåling vil verta resultatet:

– Det at kommunen no er meld inn i Transperency International, inneber at dei er nøydd til å ta denne typen saker på alvor, seier Bjelland.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s