NAV juksar med arbeidsløysetala

Heile 43 prosent av dei registrerte arbeidslause i Hordaland fell no utanfor NAV sin offisielle statistikk.

Berre heilt ledige inngår i NAV sine offisielle tal over arbeidslause. Personar på tiltak og delvis ledige vert ikkje rekna med. Resultatet er at berre 57 prosent av dei registrerte arbeidslause i Hordaland i mai inngår i den offisielle statistikken.

I dagens tal for arbeidsmarknaden oppgjev NAV at arbeidsløysa i Hordaland har sunke til 2,9 prosent. Det kan dei gjera fordi stadig fleire registrerte og reelle arbeidssøkjarar fell utanfor NAV sine tal over arbeidslause, målt i prosent av arbeidsstyrken.

I statistikken over arbeidsmarknaden i mai har NAV innført ein tredje kategori; ”delvis ledige”, i tillegg til ”heilt ledige” og ”arbeidssøkjarar på tiltak” som dei tidlegare har operert med.

I Hordaland aleine dreier dette seg om heile 3.706 personar.

Underrapportering
Måten statistikken no er utforma på, synleggjer ei betydeleg underrapportering av alvoret i situasjonen på dagens arbeidsmarknad.

Så mange som 43 prosent av dei registrerte arbeidssøkjarane i Hordaland fell no utanfor NAV sin statistikk over talet på arbeidslause.

Det reelle talet på registrerte arbeidssøkjarar i fylket utgjer så mange som 14.388 personar. Heile 6.200 fleire enn dei 8.188 heilt ledige som ligg til grunn nå NAV oppgjev ei arbeidsløyse på 2,9 prosent.

På tiltak
Totaltalet på 14.388 arbeidssøkjarar inkluderer også 2.494 personar på tiltak.

I tillegg kjem alle dei reelle arbeidssøkjarane som ikkje har rett på dagpengar, og som difor ikkje lenger sender meldekort og som ikkje er registrerte som arbeidssøkjarar.

Les: NAV skjønnmålar arbeidsløysetala

Stor variasjon
Kategorien ”delvis ledige” er svært variert. Her finn vi personar som berre registrerer ein time eller to med arbeid på meldekorta for tovekers-periodane, til dei som jobbar halv stilling, men som ønskjer full tid.

Uråd å samanlikna
Kategorien ”delvis ledige” er ikkje spesifisert på kommunenivå. Det er difor uråd å gjera noko direkte samanlikning av mai-tala med dei som vart offentleggjort for april.

Nedanfor kan du sjå tala over registrerte ledige i Fjell, sund, Øygarden og Askøy i mai

Heilt ledige – mai På tiltak – mai Totalt – mai
Sund 125 55 180
Fjell 562 136 698
Askøy 428 120 548
Øygarden 131 15 146
Totalt 1246 326 1572

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s