Opplev Foldnesmarka

Foldnesmarka – området mellom Foldnes, Våge og Hjelteryggen – er siste store, samanhangande våtmarksområdet på Litle Sotra.

Slike typiske våtmarksområde er i ferd med å verta historie på Litle Sotra.

 

Sotrastrilen har ein tendens til å ikkje sjå kva han har, før han har mista det. Slik kan det fort gå også med våtmarksområda våre. For ikkje så veldig lenge sidan var våtmarksområda, og særleg myrar, ein viktig del av Sotralandskapet.

På Litle Sotra er det no berre Foldnesmarka att der ein kan vandra timelange turar utan å støyta på vegar, hagar eller industriområde.

Foldnesmarka er nærturområdet for 8.000 – 10.000 Sotrastrilar. Området er likevel overraskande lite nytta til rekreasjon. Her vil du garantert ikkje gå i kø!

Truga naturtype

Det ser kanhende tørt ut, på avstand. Gummistøvlar er likevel eit trygt val for den som vil gå tørrskodd.

Våtmarksområde er ein truga naturtype, ikkje berre på Sotra, men i global samanhang. Attfylling og drenering er dei to mest overhengjande truslane. I randa av Sotra Kystby er det attfylling og nedbygging som trugar.

Ein kommunedelplan for nordre delen av Litle Sotra er under førebuing, og vil fort kunna leggja grunnlag for nokre 10.000 bustadar til fortrengsel for dette eineståande naturlandskapet.

Les: Vil ha kommundelplan for nordre Litle Sotra inn i planprogrammet

Fugle- og insektliv
Eit våtmarksområde er dekka av myrar, tjern og sumpar, og tenar først og framst som eit stort vassreservoar med eineståande evne til å jamna ut effekten av store nedbørsmengder. Vanlegvis har dei eit rikt plante- og dyreliv, med mange fugle- og insektartar som er avhengig av vatn for å overleva.

Metanlager
Dei seinare åra har vi fått augo opp for myrane si evne til å lagra metangass, ein klimagass som har 25 gongar så sterk påverknad på atmosfæren som CO2. Å behalda myrane våre urørt, vil vera eit effektiv klimatiltak.

Les: Vil skattleggja omdisponering av areal

Nettverk av stiar

Grendalaget har merka nokre av dei mest nytta stiane.

 

Eit grovmaska nettverk av nærast usynlege stiar dekkjer Foldnesmarka. Du kan velja å starta med å ta ein avstikkar frå Kyrkjevegen, eller du kan starta frå Larslia, eller frå Våge. Sjølv pleier eg starta frå Køten og gå langs ein lite trakka sti til Våge, og følja fylkesvegen tilbake til start.

Ei sørlaustleg rute startar frå R555 på Knarrevik via demninga i Storavatnet.

Gummistøvlar

Når vi nærmar oss Våge, vert lynghei og brakje meir dominerandei landskapet. I det fjerne ser vi riggane som ligg i opplag ved offshorebasen på Ågotnes.

Framleis litt grå etter vinteren, men no byrjar landskapet grønkast. Foldnesmarka er ikkje berre myr. Landskapet varierer med lynghei og brakje. I lune sommarkveldar kan du nyta den fantastiske dufta av vier.

Ørnanipa, 110 moh, er høgaste punktet.

Gummistøvlar er eit trygt val av fottøy, sjølv i relativt tørre periodar.

Fleire Helgeturar kan du lesa om her

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s