Naustkunst – så lenge vergudane vil

Når den anerkjende franske gatekunstnaren Philippe Herard lar seg inspirera til å måla collagar på verbitne naustveggar på Tyssøy, appellerer resultatet langt utanfor kommunegrensa.

Menneska vert små, målt opp mot havet sine veldige krefter, men er det draugen som kikkar ut frå naustet?

Eit titals collagar inspirert av det maritime og strilen sin kamp mot naturkreftene prydar denne sommaren dei verbitne naustveggane langsmed Tyssøy-vågen.

På Tyssøy vert dei besøkjande eindel av kunstverka. Underfundig humor gjev utstillinga ein brei appell som vil lokka langt fleire enn medlemmane i Bjorøy og Tyssøy kulturlag til Tyssøyvågen denne sommaren..

Dei nauststore veggbileta er laga av den franske gatekunstnaren Philippe Herard, og er både underfundige, overraskande og prega av humor.

Kjersti Fløttum, den franske visekonsulen i Bergen, stod for den høgtidsame opninga av utstillinga, saman med mellom anna Sangkoret Lyderhorn som hadde urframføring av ein fanfare laga av den norske komponisten Ketil Hvoslef.

Årets utstilling er ei vidareføring av Bjorøy og Tyssøy kulturlag sine tidlegare sommarutstillingar, «Spor i landskap», og har fått namnet «Spor i fjord». Ikkje berre har utstillinga henta inspirasjon frå det maritime, utstillinga er best tilgjengeleg frå sjøsida.

Kunstverka skal stå så lenge vergudane finn det for godt. For dei som ikkje rekk å få bileta med seg, vil det verta laga ei bok og ein dvd.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s