Trur kunnskapsklynge er rett svar

Dei har litt å kjempa mot, dei som skal planleggja den nye Sotra vidaregåande. Kan etablering av ein kunnskapsklynge motverka at dei flinke elevane søkjer seg vekk, og hindra at 40 prosent av dei som byrjar fell frå i løpet av skuletida?

Planleggjarane vil leggja tilrette for eit tettare samarbeid mellom næringsliv og skule for å dekka det lokale nærinslivet sitt kompetansebehov. Å involvera fagskulen i ein kunnskapsby framstår som eit relevant alternativ. Illustrasjonsfoto. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Planlegginga av ein ny Sotra vidaregåande som kan stå ferdig seinast i 2024 stod på dagsorden i Regionrådet Vest sist veke.

Prosjektet har mange dimensjonar, men med tett samanhang. Kvar skulen skal liggja, og å få til ein skule som inngår i ein del av ein framtidig kunnskapsklynge. Dette må tomtevalet ta omsyn til, var ordførarar og rådmenn frå Fjell, Sund og Øygarden samde om.

Kunnskapsklynge
– Ein ny Sotra vidaregåande må verta del av ei kunnskapsklynge, ikkje berre ein vanleg vidaregåande skule. Dette innovative aspektet må vi få aksept for hos Hordaland fylkeskommune alt no, hevda Sigmund Kvernes. Saman med kollega Tove Merete Aasen er Sintef-planleggjaren hyrt inn til å planleggja korleis eit slikt kompetansesenter kan verta.

Sjølv om subseautdanninga er flytta frå Straume til Bergen, er det viktig ikkje å gje opp tanken om å få utdanninga tilbake. Det er berre ikkje søknadsgrunnlag nett no. I staden bør ein tenkja på om det er grunnlag for eit breiare studium i havteknologi, sa Kvernes.

Å involvera fagskulen, med tilbod om fagleg påbygging etter vidaregåande, framstår som stadig meir interessant, ifølgje Kvernes.

Attraktiv region
Den nye skulen må sikra betre samsvar mellom kompetansebehovet i lokale verksemder, og kva utdanningsbehov som finst i regionen.

Minst like viktig. Skulen må også i større grad leggja opp til eit utdanningsløp som får ungdomen til å verta verande i regionen.

Ifølgje Sintef-leiaren, som har vore ein av arkitektane bak visjonen om Sotra Kystby, vil eit kompetansesenter ha betydning for regionen sitt omdøme, og kor raskt den tenkte urbaniseringa skal kunna la seg realisera.

Må spørja ungdommen

Sotra vidaregåande vart bygd i 1978, skulen er todelt, og manglar idrettslinje.

– Eg saknar ungdommen si rolle her. Vi har utruleg mange aktive og medvitne ungdommar, til dømes i Ungdommens kommunestyre, innvendte rådmann Steinar Nesse i Fjell.

– I dag er det så få som søkjer Sotra vidaregåande at det er ei skam. Halvparten av ungdomane våre søkjer seg til Laksevåg. Av dei som vert verande, fell 40 prosent frå under utdanninga. Kva er årsaka til at skulen her ute vert oppfatta som så lite attraktiv?

Saknar idrett
Kan den manglande idrettslinja ha noko å seia? I kor stor grad spelar det inn at dagens bygningsmasse er frå 1970 og 1980, talet? filosoferte Nesse.

Sundordførar Kari Anne Landro var overraska over korleis attraktiviteten til Sotra vidaregåande har sunke. For få år tilbake var det ein katastrofe om ein ikkje kom inn.

Det at hovudbygget til Sotra vgs er frå 1978, og at skulen er todelt, gjer nok sitt til at skulen vert vurdert opp mot nye skular i Bergen, meinte ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

– Vi må avgjera lokaliseringa
Sjølve lokaliseringsdebatten må ein ta for seg. Så langt har ein minst tre ulike tilbod om tomt i Straumeområdet, ifølgje ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Les: Liegruppen vil ha ny Sotra vidaregåande på Bildetangen

– Vi må leggja premissa for lokaliseringa. Sotra konkurrerer med Laksevåg om pengar. Skjer oppussinga av Laksevåg før Sotra får ny skule, vil prosessen ta mykje lenger tid, frykta Bjorøy.

– Her må vi ha ein tett dialog med Hordaland fylkeskommune for å få dette til,
argumenterte Fjell-ordføraren.

– Det må ikkje vera usikkerhet om tomtevalet som kan setja dette prosjektet på grunn, samstemte Haugetun.

Les: Gjestekommentar: Kvar skal kunnskapsbyen liggja?

Få fram det innovative
Hordaland fylkeskommune har langt større forpliktelsar enn det dei evnar å fullføra, ifølgje Haugetun.

– Skal vi lukkast, må vi få Hordaland fylkeskommune på banen på ein heilt annan måte. Vi må så inn det innovative i dette prosjektet, argumenterte Haugetun.

– Hordaland fylkeskommune er ikkje berre ansvarleg for dei vidaregåande skulane. Dei er også ein utviklingsaktør. For å få til det vi ønskjer på utbyggingssida må vi argumentera breiare, møta dei som ein utviklingsaktør, supplerte rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden.

Visa initiativ
– Vi må ha ein ny skule. Kan kontakt med utviklingsavdelinga verta oppfatta som ein unnskyldning for å sleppa å byggja no skule, spurte Nesse.

– Sjølv om det er fylkeskommunen som har ansvaret for dei vidaregåande skulane, er det viktig at vi gjer ting på eige initiativ, og at vi har klara tankar om kvifor, sa Landro.

Regionrådet vart samde om å køyra fleire parallelle løp, og at dei tre kommunane skal ha likelydande saker opp for kommunestyra snarast.

Ikkje gløym elevane
Ein ting er å få bygd ein ny skule. Ein annan å konstruera ein kompetanseklynge med tett kontakt mellom skule og næringsliv.

Regionrådet vegra seg for å kikka nærare på tilhøva ved dagens skule. Elevane sine tankar og interesser vart berre såvidt nemnt i diskusjonen. Skal prosjektet lukkast, er det viktig at planleggjarane lyttar til elevane, ikkje berre dei som er med i Ungdomens kommunestyre, men også med dei som heng på Basecamp.

Les: Må arbeida for trygda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s