Marine Harvest leiar har tru på femdobla produksjonsvolum

Kampen mot lakselusa vert eit stadig meir kostbart mareritt for havbruksnæringa. Marine Harvest investerer 458 millionar kroner i forsking og utvikling i håp om å få opp produksjonsvolumet.

Største investeringane skjer no på land, i smoltproduksjon. Styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Marine Harvest ASA har likevel ikkje tru på at laksen i framtida vil leva heile livet på land.

Lakselusa er det skremmande dyret styreleiar Ole-Eirik Lerøy i børsnoterte Marine Harvest ASA helst ikkje vil snakka om, men som likevel tvingar seg fram i presentasjonane hans.

-Det er ikkje konsesjonane som stoppar oss. Lakselusa er ei viktig forklaring på at oppdrettsnæringa ikkje klarar å produsera så mykje fisk som vi har konsesjonar for, sa Lerøy til forsamlinga av innovative datafolk under First Tuesday i går kveld.

Les: Sandberg lyser krig mot lakselusa

Resistens
Lakselusa formerar seg så raskt at sjølv ikkje det stadig breiare spekteret av tiltak klarar å få bukt med problemet. Før nye tiltak klarar avliva lusa, rekk lusa å verta motstandsdyktig mot tiltaket. Det gjeld til dømes bruk av den konvensjonelle kjemiske avlusingsmetoden med bruk av hydrogenperoksid.

Ni milliardar
For Marine Harvest aleine reknar styreleiaren med at kampen mot lakselusa kosta vel ein milliard kroner i direkte kostnadar i fjor. For heile oppdrettsbransjen antek han at kostnaden med sjølve avlusinga passerte fem milliardar.

Tap av produksjon og salstinntekter kjem i tillegg. Alt i alt reknar Lerøy med at norske oppdrettsanlegg tapar ni milliardar kroner årleg som følgje av luseproblemet.

Femdobla produksjonen
Lusa er ein av fleire medverkande årsakar til at berre 80 prosent av den utsette smolten når slakteferdig alder, ifølgje Lerøy.

Internasjonalt er etterspørselen etter norsk laks aukande. Enno har vi så vidt byrja å skrapa i overflata på marknaden, mellom anna i USA og Kina.

– Vi kan femdobla den norske produksjonen om vi berre får kontroll på miljøet, hevda Lerøy.

Les: Strides om verdiutviklinga på lakseaksjar

Investerer i F&U
Erkjenninga har utløyst eit breidt spekter av forskings- og utviklingstiltak, mellom anna når det gjeld bruk av ulike lukka merdtypar, som det børsnoterte konsernet håpar skal bidra til å setja fart i produksjonsvolumet.

Den børsnoterte havbruksgiganten investerer no 458 millionar kroner i ulike F&U-tiltak på global basis. Eit omfattande prosjekt som vert leia frå havbyen Bergen.

Les: Vil selja merdmeldingar til oppdrettsnæringa

– Regjeringa si utlysing av utviklingskonsesjonar er spanande og har utløyst ei kraftfull innovasjonsbølgje. Diverre er berre tre prosjekt sluppe gjennom nålauga, så langt, seier Lerøy.

Større smolt
At heile produksjonen i framtida vil skje i lukka merder på land, har Ole-Eirik Lerøy inga tru på:

– Dei største investeringane no skjer på land, i smoltproduksjon. Storleiken på den utsette smolten skal opp, frå 120 gram, til 250 gram. Kan hende til ein kilo. Vi må likevel i sjøen for å utløysa vekstpotensialet, seier styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Marine Harvest.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s