Mistar heimane for R555 Kolltveit – Austefjorden

Eigarane av tre – fire einebustadar må belaga seg på å mista heimane sine når Statens vegvesen startar arbeidet med ny R555 Kolltveit – Austefjorden. Verst vil det gå ut over Trengereid.

– Vi hadde helst sett vi kunne unngått det. At vi kunna ha mekka det til på eit slags vis, seier spesialrådgjevar Einar Lunde i Fjell om bustadane og hyttene som må vika for nye R555 Kolltveit – Austefjorden.

Ettersom reguleringsarbeidet av nye R555 frå Kolltveit – Austefjorden vert meir detaljert, er det klårt at det er uråd å leggja nyevegen til Sund utanom alle bustadane langsmed vegen, sa spesialrådgjevar Einar Lunde i Fjell kommune då han i går orienterte medlemmane i Komite for Plan og utvikling om framdrifta i vegprosjektet.

– Ikkje til å unngå
– Vi hadde helst sett vi kunne unngått det. At vi kunne mekka det til på noko vis, men uansett kva trase vi vel, vil det verta nokre bustadar som må vika, seier Lunde til nettavisa Tunnelsyn.

Skisse til oppgradering av nye R555 gjennom Skogsvågskiftet. Det er strekkja frå motorkrossbana og til den nordlege rundkøyringa, med ny avkøyring til Trengereid og Kallestad, som vil koma i konflikt med den noverande busetnaden.

Problemet med bustadar i vegtraseen i Fjell, var ikkje noko tema då det utvida planutvalet i Sund kommune nyleg drøfta val av framtidig trase gjennom Skogsvågskiftet.

Les: Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsvågskiftet

Alternative trasear
Alle detaljane i reguleringsplanen er enno ikkje avklart. For fleire av delstrekkjene er det utarbeida alternative vegtrasear. Det gjeld mellom anna Tellnesskogen, og Trengereid, og det i desse bygdene her dei skarpaste konfliktane mellom innbyggjarane og vegvesenet ser ut til å oppstå.

Trengereid
Sund kommune sitt vedtak om at trafikken også i framtida skal gå gjennom Skogsvågskiftet, inneber at det skal lagast nytt kryss og ei stor rundkøyring i Trengereid. For å krysset på plass, må to einebustadar og to fritidsbustadar på strekkja frå motorkorssbana og til Skogsvågskiftet rivast, ifølgje Lunde.

Trasevalet avgjer i Tellnesskogen
Gjennom Tellnesskogen er det det endelege trasevalet som vil avgjera skjebnen til bustad- og hytteeigarane langs vegen.

Vert den austlege traseen vald, vil det innebera at ein einebustad må rivast. Vert nyevegen derimot lagt på vestsida av den noverande, vil to bustadar og to hytter måtta vika for at Sundsokningane skal få ny og raskare veg.

Uvisse
Bustad- og hytteeigarane i dei to områda må leva i uvisse enno ei tid. Framlegget til reguleringsplan vil først verta lagt ut på høyring utpå hausten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s