Opnar for meir storhandel på Straume

Komite for Plan og utvikling vende i går tommelen opp for at det kan lagast ein detaljreguleringsplan for storhandel i nordaustre delen av Straume Næringspark.

Ingen veit. Jula, Biltema, Plantasjen, Bauhaus og IKEA kan vera mellom dei nasjonale storhandelsaktørane som no ønskjer å etablera seg med varehus i Straume næringspark.

Det har lenge gått rykter om at det skulle etablerast handelsverksemd på hjørnetomten i krysset Arefjordvegen – Idrettsvegen på Straume. Til gårsdagens møte i Komite for Plan og utvikling låg det føre ein søknad om å få innregulera fire forretningsbygg, med tilhøyrande areal for varelevering, parkering og lager på det 25 mål store området.

Aktuelle aktørar
Søknaden var sendt frå OG Arkitekter AS, på vegne av Fazenda Utvikling AS. Oslo-verksemda held korta tett til brystet om kva storhandelsaktørar som planlegg å etablera seg på Straume:

– Det er konkrete forretningar som ønskjer å etablera seg i regionen. Dei har vurdert denne tomta som den einaste aktuelle i Fjell, skriv OG Arkitekter i søknaden.

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Verksemda vil kunna gje inntil 70 arbeidsplassar, vert det antyda.

I godt selskap
Og Arkitekter opplyser likevel at Jula, Biltema, Plantasjen og Bahauhaus kan vera aktuelle. Det same kan IKEA, ifølgje den kortfatta søknaden.

Uansett kven det vert, havnar dei i godt selskap. Møbelringen og Bygger’n Straume er frå før etablerte i same området.

Meir biltrafikk
Plansjef Berit Rystad var i utgangspunktet negativ til søknaden.

– Den omsøkte bruken er i strid med Kommunedelplan for Straume, der området er sett av til nærings- og forretningsområde, hevda plansjefen.

– Meir bilbasert handel i sentrum vil ikkje bidra til å gjera Straume til ein attraktiv stad, argumenterte plansjefen.

Høgspentlinja over delar av området set grenser for kva det kan nyttast til.

Snudde nei til ja
Politikarane i Komite for Plan og utvikling var ikkje samde. Dei snudde nei til ja. Anne Hestnes (A) fekk heile komiteen med seg på at den føreslegne forretningsverksemda vil vera ei naturleg vidareutvikling av Straume sentrum.

Grunneigarar i området er Leif G. Lie og Sartor Maskin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s