Avtroppane vegsjef i Hordaland: – Kven skal få dårlegare framkommelegheit?

Etterslepet på drift og vedlikehald av fylkesvegane i Hordaland har no passert 7,3 milliardar. Hordalendingane må førebu seg på dårlegare tider. Kven skal få dårlegare framkommelegheit?

På tide å revudera strategien for drift og vdlikehald av fylkesvegane, spurte Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen Hordland i si avskjedsmelding til miljø og samferdselsutvalet i Hordland fylkeskommune.

(Saka er oppdatert)

Olav Finne takka for seg etter mange år som leiar for veg i Statens vegvesen i Hordaland, med ei kraftig åtvaring om dårlegare tider på vegsektoren i fylket framover, om ikkje dei økonomiske rammene vert vesentleg auka.

-Forfallet på fylkevegane går feil veg, og har no passert 7,3 milliardar, ifølgje Finne.

Løyvingane for 2017 dekkar mindre enn 50 prosent av behovet for drift og vedlikehald. Nye prosjekt stel stadig større del av potten. Då ein sette i drift Ringveg Vest, gjorde driftskostnadane ein kjempehopp.

Utfordringane er beskrivne i Fylkeskommunen sin strategi for drift og vedlikehald. Strategien slår fast at ein skal oppretthalda eit stabilt driftsnivå, men stoppa vidare forfall.

-Om vi skal nærma oss det strategiske målet, er det behov for ein sterk auke i rammene for drift og vedlikehald og oppgraderingar i stamvegnettet, sa Finne.

Det er knytta stor usikkerhet til dei økonomiske rammene i Regional Transportplan.

-Med dagens rammer veit vi at forfallet vil auka. Aukar dei økonomiske rammene, vil situasjonen sjå lysare ut, ifølgje Finne.

– Det kan tenkjast de må endra strategien. Sjå om det er mogeleg å redusera drifta utan at forfallet aukar. Kva kan vi redusera? Kva vegar skal få dårlegare vegstandard? Kan det tenkjast at det er mogeleg å redusera drifta – og få meir pengar til vedlikehald? Kven skal i så fall få redusert framkommelighet? Kvar skal vi redusera beredskapen? Kven skal ikkje lenger ha heildøgns beredskap?

– Situasjonen er krevjande, på fleire måtar. Desse spørsmåla må de behandla politisk, utfordra Finne og varsla ei sak til hausten.

Svara vert det opp til den nye vegsjef i Hordaland, Grethe Vikane, å foreslå svara på.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s