Opnar 29. juni

29. juni opnar Arefjord – Storskaret. Den 1,3 kilometer lange, lenge etterlengta vegen vil kunna bidra til ein vesentleg reduksjon av trafikkmengda gjennom Straume Sentrum.

Gåande og syklande langsmed R555 skal kunna kryssa under Arefjord – Storskaret.

 

 

 

 

 

Vegen skal ta unna trafikk vestfrå til Sotra Arena, Straume Næringspark og til Kystbygarasjen. Dei som kjem frå desse stadane og som skal retning Bergen vil også kunna få glede av vegen.

Reisande i motsatte retningar må, inntil det nye Sotrasambandet står klart, ta vegen gjennom sentrum.

10.000 bilar i døgnet?
Nyevegen vil kunna få heftig trafikk alt frå første dag. Trafikkprognosene tilseier at nærare 20.000 bilar er innom Straume sentrum dagleg. I teorien skal halvparten av desse no kunna ta snarvegen Arefjord – Storskaret utanom «hovudgata» Sartorvegen.

Les: Trafikkal skallebank på Straume

Trafikksikring
Sikringa av dei mjuke trafikkantane var eit mykje omdiskutert tema i planleggingsfasen. Utfordringa er løyst ved at det er laga ein samanhangande gang og sykkelveg langsmed nyevegen.

Mjuke trafikkantar som ferdast langsmed R555 vil kunna kryssa under den nye vegen.

Fylkesveg
Vegen har fylkesvegstatus (fv. 209) og er budsjettert til 150 millionar kroner.

Arbeidet har krevd sprengning av 110.000 kubikkmeter stein. FjellVar har også lagt 1.200 meter rør for vatn og avløp langsmed vegen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s