Kjøpesenterfri sone

Kjenner du på behovet for å seinka skuldrane? Franske Alsace er kjøpesenterfri sone. Fine vegar i eit idyllisk landskap, utan bompengar og med massevis av små restaurantar der ein kan stoppa og nyta dei to timane med lunsj midt på dagen.

Gateidyll frå Kientzheim.

Det idylliske franske landskapet vest for Rhinen er som skapt for sakte cruising i ein topplaus bil. Høg, blå himmel over irrgrøne vinmarkar og eit finmaska nettverk av småvegar mellom små, sjarmerande mellomalderbyar som inviterer til hyppige stopp og oppdagingsferd i trange smaug og tallause vinkjellarar.

Gjestfri
Legg til ein utruleg gjestfridom, laidback tempo og fantastisk mat og vin, og du har alle ingrediensar som skal til for å oppleva ein sjeldant avslappa ferie.

Colmar

Den 170 kilometer lange vinruta frå Strasbourg til Mulhouse er eit godt utgangspunkt for ein avslappa ferie i taklaus bil.

Den moderne storbyen Strasbourg er hovudstad. Ein første gongs besøkjande som ønskjer å orientera seg, kan velja å starta her og leggja ut på den 170 kilometer lange vinruta som slyngar seg frå nord til Mulhouse i sør, like ved grensa mot Sveits.

Byggeskikken er lett attkjennbar frå Sør-Tyskland og Sveits. Sjølv klokketårnet har blomster i vinduskarmen.

For ein turist på leit etter god mat og vin, og kanhende litt shopping, kan historiske Colmar kan hende vera det beste utgangspunktet.

Historisk sus

Mellomalderborger på nær sagt alle toppar vitnar om ein historie under skiftande regime.

Alsace er ein av desse kontinentale stadane som gjev inntrykk av å ha lagt der sidan romertida. Borgruinar på nær sagt alle toppar vitnar om at området har skifta eigar gjennom gjentekne tysk – franske krigar opp gjennom hundreåra.

Alle kjenner til landgangen i Normandie. Færre veit at Alsace var åstad for noke av dei mest blodige kampane vinteren 1944/45.

Så seint som i 1944 – 45 vart store delar av området bomba flatt under dei blodige slaga i den avsluttande kampen mot Hitlers tredje rike.

Vinproduksjon

Sjølv reklame og skilt er som henta frå ein annan tidsepoke.

Elsassarane er stolte av historien sin. Alt på 1600-talet var Alsace kjent for sin gode kvitvin. Lokale historikarar har dokumentert at tørre riesling og sødmefylte gewürstraminer herifrå vart eksportert og nytt i festleg lag mellom anna i Hansebyane langs Nordsjøen for fleire hundre år sidan.

For gourmetar

Stikk innom og smak! Alsace har sin eigen kvalitetsordning for vin. Svært mange av dei 4.700 vinprodusentane har opne dører for nyfikne tilreisande vinelskarar.

I Alsace møtes eksklusiv fransk cuisine med Sør-Tyskland sine rause porsjonar. Resultatet kan verta oppfatta som overveldande. Elsassarane tek gjerne av den finaste rieslingen når surkålen skal tilberedast. Ein nordmann har likevel ingen grunn til å fortvila over menyen.

Sommarfuglane er til stor plage for vinprodusentane. Det hindrar dei likevel ikkje frå å ha eit eige sommarfuglmuseum.

Området har så mykje dei kan freista ein nyfiken gourmet med. Kva seier du til nyfiska steikt aure, eller lubne, kvite asparges? Har du sans for sjeldne delikatesser som gåselever eller upasteurisert Munster-ost? I så fall har du kome til rett stad.

Gløym no endeleg ikkje å smaka den tradisjonelle Flammentorta, ein supertynn, supersprø variant av pizzaen, som vert servert både i middags- og dessertvariantar.

Korleis koma dit?

Nei, det er ikkje torden. Luksusbilprodusenten Bugatti har hovdkontor i Molsheim like sør for Strasbourg. Er du heldig rekk du å få eit glimt av ein Grand Veyron før han smit seg forbi. Foto: Bugatti.

For å koma til Alsace er det einklast å ta fly til Frankfurt – eller til Paris. Å disponera bil er eit must. Dei som ønskjer å køyra frå Norge, bør rekna to dagar gjennom Danmark og Tyskland.

Kjem du køyrande frå Frankfurt, er sjansen stor for at du har kryssa Rhinen på ein av dei mindre grenseovergangane. Denne delen av elva er full av sluser, og då kan det kanhende vera aktuelt å ta ein pause ved det lokale sluse-museet?

Les: Roseparkar verd ein stopp

Ver obs på at eit google-søk på hotell ikkje får med seg dei mange sjarmerande små overnattingsstadane som finst i området.

Møt lokale vinprodusentar:
Catherine Faller – Vindronninga av Alsace

Gustave Lorentz – Konkurrerer med dei beste

Trimbach – Norge er eit viktig land i verda

 

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s