Rosene er komne

Litt pjuskete av regnet, men berre eitpar dagar seinare enn i fjor. Årets første roser lyser mot det grøne.

For hageeigaren er det like spanande kvar vår å følja med på veksten i hagen. Å venta på at dei første rosene skal springa ut er likevel det som skapar største forventningane: Når rosene kjem, så er sommaren her!

Sesongen i år startar tidleg. Den kvite Albarosa og spinisissima-hybriden har begge såvidt falda ut sine lysande vakre kronblad mot alt det grøne.

Litt pjusk av regnet, men full av knoppar. Ein namnlaus spinisissima-hybrid.

 

 

Den kvite Alba-rosa var først ut, såvidt det var. Eit godt val for dei som ønskjer ei robust og tidlegblømande rose med god duft.

Men det er meir i vente. Mykje meir. Både Lykkefunn og Pauls Himalayan Musk har sett hundrevis av knoppar. Gledar meg som ein unge til å sjå, og ikkje minst lukta resultatet – om ein månads tid eller så.

Pauls Himalayan Musk dannar 100-vis av einkle, små, bleikrosa og velduftane roser. Gleder meg!

Av dei moderne rosene er Heidi Klum og Fellowship mest utolmodige etter å starta sommarsesongen.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s