Stå på, Kjersti!

Er du klar over at det går an å abonnera på informasjon om taler, innlegg og spørsmål som Stortingsrepresentantane våre held?

Kjersti Toppe, nestleiar i Helsekomiteen på Stortinget, framstår som ei sjeldant energisk kvinne. Foto: Senterpartiet

Det hører med til jobben å halda eit auga med på kva som skjer på Stortinget. I to år snart har eg abonnert på nyhende frå Stortinget om kva våre folkevalde frå Hordaland er opptekne av.

Peikar seg ut
Ei dame som peikar seg ut, er Kjersti Toppe. Nærast dagleg får eg minst ei epostmelding om kva Sentrerparti-representanten, som er nestleiar i helsekomiteen, jobbar med. Og det er slett ikkje berre helserelaterte ting.

Dama verkar utrøytteleg! Er dei øvrige Senterpartirepresentantane like aktive, har vi ei god forklaring på kvifor det bles ein grøn vind over landet, tre månadar før Stortingsvalet!

Ikkje nok arbeidsoppgåver?
Når det gjeld eindel av Høgrerepresentantane derimot, er eg etter to år framleis like klok om kva dei driv på med der borte i Oslo. Har Høgre så mange representantar på tinget at det ikkje er arbeidsoppgåver nok til alle?

Det må vi i så fall få retta på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s